lørdag 21. desember 2013

Ver så god, sitt!

Avdelingsleiar ved møbelmuseet i Sykkylven, Kjetil Tandstad, i inngangspartiet til den nye utstillinga, Ver så god, sitt!
Det var berre så vidt han hadde tid til å ta juleferie, avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven, Kjetil Tandstad. Heilt fram til siste arbeidsdag før jul var det hektisk monteringsaktivitet i utstillingslokalet til møbelmuseet i Sykkylven. Møbelveteranane Arve Grønmo og Svein Asbjørnsen arbeidde så støyvføyka stod med tilpassing av deleveggar der det skal på plass bilete og tekstar med informasjonar om møbelindustriens utvikling dei siste hundre åra. Allereie tidleg i januar 2014 må møblar og verkstadinteriør og alt det andre som skal utgjere møbelmuseet si faste utstilling vere på plass, for då er det venta besøk av lærelystne skuleelevar.

Kjetil har tru på at tidsplanen skal halde, og han ser fram til at alle brikkene skal falle på plass i det puslespelet som ei slik utstilling er. Førebels ligg dei forskjellige utstillingselementa i haug og dungar i inngangsområdet til møbelmuseet. Det einaste som er skikkeleg på plass er ein stor vegg med bilete og tekst og tittelen på utstillinga: Ver så godt, sitt! Dersom ein skulle følgje det rådet den førjulsfredagen vi var på vitjing, måtte vi ha innteke den sitjande posisjonen på golvet. Og det er kanskje ikkje så gale, for det var nok der stolen si historie starta.

Møbelutstillinga som snart er på plass i museumsbygget i Storgata i møbelhovudstaden Sykkylven er fire-delt. Sentralt i utstillinga finn vi ein rekonstruksjon av ein møbelsnikkarverkstad slik han var i industrien sin barndom, før siste verdskrigen. Her er mykje gjort for at dei besøkande skal få ei kjensle av korleis det var å arbeide i dei tidlege møbelbedriftene. Høvelbenken er på plass, tilliks utstyret dei trong for å lage korgmøblar, og å gje stolane stopning. Tak og veggar har ein historisk patina. Det var her eventyret starta.



Ein annan del av utstillinga tek for seg dei viktige milepælane i utviklinga, både på material- og produktsida. Vi får vite kva for betydning det fekk at lamineringsteknikken vart teken i bruk, og formstøyping av skumplast. Her får vi også sjå verdas første lakkrobot i møbelindustrien. Banebrytande møbeltyper vert også presentert som Ekornes sin Swingbed, tidleg regulerbar kvilestol og nye ergonomiske arbeidsstolar.

På ein vegg i utstillingslokalet skal tredve norske møbelklassikarar få plass. Dette er eit utval av dei vel 40 klassikarane som ein jury nettopp kåra til Noregs fremste stolikonar. Den eldste modellen er Pony, design Tormod Alnæs, og den siste i rekka er stolen Copenhagen formgjeven av Lars Thornøe.

Ein bonus-godbit for dei designinteresserte vil rekka av internasjonale klassikarar i miniatyrformat vere. Kjetil Tandstad har skaffa desse modellane frå Vitra-museet i Tyskland. Ved å studere desse eldre og nyare modellane, kan ein lett sjå at norsk og internasjonal møbelformgjeving er i slekt. Truleg har inspirasjonen mest gått frå utlandet til Noreg, men det kan også vere at norsk møbeldesign med si stramme og funksjonelle linjeføring, har vore med å påverke den internasjonale møbeldesignen. I alle fall var det slik at skandinavisk møbeldesign stod sterkt på kontinentet og i USA frå midten av 1950-åra, fortel Kjetil Tandstad.

Denne møbelutstillinga er ikkje av typen; Berre sjå, ikkje røyve. Det er meininga at dei besøkande skal få prøvesitje alle dei utstilte stolane. Det er også ein eigen aktivitetsavdeling for små og store. Her kan du prøve deg som møbelsamansetjar og sjå om du klarer å slå tidlegare rekord for samansetjing av ein pinnestol. Ein kan også via dataskjermar få vere med å teste sine møbelkunnskapar. Kjetil Tandstad seier at utstillinga Ver så god sitt, vil bli offisielt opna på ettervinteren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar