onsdag 27. september 2017

Museums- og sykkelbyen Amsterdam


I Amsterdam bymuseum inviterer dei besøkande til å vere med å utvikle byen.
Amsterdam er eit godt val for museumsfolk som vil på studietur. Det meinte også dei tilsette ved Stiftinga Sunnmøre Museum som i år la personalturen sin til den nederlandske hovudstaden. Her er det 74 ulike museum og dei store musea som Rijksmuseum, kunstindustrimuseet, teknologimuseet og sjøfartsmuseet held til i store, prektige bygg som signaliserer at nederlendarane er stolte av historia si, og at historieformidling har ein sentral plass i det nederlandske kulturlivet. Her er også mindre nisjemuseum for dei med spesialinteresser. Vi observerte eit veskemuseum, eit hasjmuseum, eit museum for pornografi og eit for tortur. Her var fotballmuseum, husbåt- og ølmuseum. Alle skal ha sjans til å finne sitt museum i Amsterdam.

Ja, nederlendarane har mykje å fortelje om, og naturleg nok står stordomstida til byen og landet sentralt. Den var på 1600-talet, etter at nye kontinent var oppdaga av portugisiske, spanske og engelske sjøfarar. Nederlendarane tok snart del i den nye globale handelen, med si strategiske plassering og sin maritime og økonomiske kompetanse. Vi kjenner til at Amsterdam og Nederland har liberale tradisjonar. Her lever ulike kulturar og levemåtar side om side, tilsynelatande i harmoni. Gjennom museumsvandringane fekk vi innsyn i kvifor det er slik; det var bra for byen av her kom menneske med ulike talent, tankar, interesser og kompetanse, anten det var kartmakarar, kompasskonstruktørar, båtbyggarar, språkforskarar, eigedomsutviklarar, kai- og dikekonstruktørar. Dei trong alle slags menneske for å utvikle dette handelssenteret som vart som eit nav i det nederlandske imperiet med forgreiningar over heile verda.
Alle besøkande i Amsterdam bymuseum får utdelt audioguidar som kan aktiviserast på kvar utstillingssekvens.

Museum kan fortelje om korleis verda har blitt slik ho er i dag. Museum kan også ha ei anna rolle, dei kan utfordre oss til å tenke rundt korleis verda vert i morgon. Samfunna er ikkje resultat av blinde prosessar, men av menneskelege handlingar og val. Då er det slik at også framtida vert påverka av menneskelege handlingar og val. Dette poenget hadde dei teke fatt i ved bymuseet, Amsterdam museum. I ein seksjon av museet var det laga til såkalla bylaboratorium. Her vert unge og eldre inviterte til å komme fram med sine meiningar om korleis dei vil at byen skal utvikle seg vidare. Dei som ville det, fekk utdelt kvite frakkar, for å illustrere at dei no gjekk inn i ein aktiv prosess. Så fekk dei lappar og kart der dei fekk skrive og teikne ned korleis dei ønskte at byen skulle vere om nokre år. Eit flott grep som er med å gjere museet relevant for nye brukargruppar. Museet er på denne måten med å skape engasjerte samfunnsaktørar, framtidas byutviklarar.
Amsterdam vart tidleg eit senter for europeisk kartografi. Det var viktig å ha gode kart når ein opererte i alle verdshjørne. Her er det Jan Kåre Blindheim som studerer det første verdskartet, Bleaus kart frå 1648.

For ein sykkelinteressert museumsmann må Amsterdam vere draumestaden. Den enklaste måten å bevege seg frå museum til museum på er via sykkel. Her er like mange sykkelvegar som det er bilvegar, for i alle bygater er det eit sykkelfelt der det heile dagen er ein jamn straum av syklistar på veg til og frå skule, jobb, butikkar, møte og vitjingar. Underteikna er vand til å bruke hjelm når han er ute og syklar. Eg spurte difor etter hjelm då eg leigde meg sykkel for ein tre timers bytur. Utleigaren såg rart på meg - kva var dette for ein pingle? Nei, hjelmar hadde dei ikkje. Ingen brukte hjelm i trafikken i Amsterdam. Og, vel - det gjekk greitt utan. Og faktum er at ein kjenner seg tryggare på sykkelen enn som fotgjengar i Amsterdam-gatene. Syklistane er sjefane, dei kjem fram og dei vil helst raskt fram.
I Amsterdam har dei fleste minst to syklar. Dei syklar også til og frå museum. 

Men sjølv om eg leita, eit sykkelmuseum fann eg ikkje i sykkelbyen. Kanskje finst det likevel. Ingen av oss museumskollegaene rakk å vitje alle dei 74 musea på våre tre dagar i Amsterdam. Eg lovar å kome tilbake (til skøyte-VM i mars).