Stearinlyslaging er ein av dei faste aktivitetane på førjulssøndagen på Sunnmøre Musem. Dag Brøther t.h. er lysstøypesjef. |
Det er knapt nokon tid på året at tradisjonane står så sterkt som i julemånaden. Då vil vi at det skal vere slik som det alltd har vore. Då vil vaksne gjenoppleve den gode stemninga og forventningane dei hadde i sin eigen barndom, og dei vil gjerne at born og barneborn skal få del i dei same opplevingane. Og kvar er det meir naturleg å bli ført inn i juletradisjonane enn på eit museum? Sunnmøre Museum har menneske som veit meir om lokale juletradisjonar, julemat, juledekorasjonar og tradisjonelle julegåver enn dei fleste. Denne søndagen fann vi dei i museumshus midt i flokken av barn og voksne. Mellom aktivitetane dei gjennomførte var; produksjon av matter og eplebåtar, honninglys og trebåtar. I Framgardstova var det kinning av smør og i kyrkjebudene ved sjøkanten var det sal av julenek, keramikk og skinn.
Vi tok oss ein tur bort til handverkargata i enden av museumsområdet. Her var det hengt opp grankransar på tvers av gata, og i alle husa var det lys og varme. Det var reine Skomakargatestemninga. I skomakarhuset var det rett nok ingen skomakar Andersen. Her hadde knivmakar Svein Johansen frå Sykkylven utstilling av mange av knivane han har laga. I smia fann vi smeden i arbeid og i Larsnesbuda freista to jenter med gammaldags godteri. Godteri av eit litt anna slag fann vi i Dybhuset, der styreleiar i museet, Ragna Dahl Grønnevet og fylkesformidlar Ingvill Wille laga sirupssnittar til den store gullmedalje.
Ingvill Wille og Ragna Dahl Grønnevet inviterer til smaking av omnsferske sirupssnittar. |
Dei som vart kalde av å gå i julegatene og mellom dei gamle museumshusa, kunne gå inn i det store museumsbygget. Her var kafeen full heile dagen, og sveler og kaker gjekk ned på høgkant. Elles var dei ulike etasjane i museumsbygget også fylte med aktivitetar. Her fekk borna lage julekorger og julenisser, leike med tinnsoldatar og hoseband. I underetasjen var det demonstrasjon av trykking på gamlemåten. Underteikna skribent residerte på det som truleg var dagens rolegaste stand, der Årbok for Sunnmøre vart selt. Denne dagen var det borna som fekk bestemme aktivitetsløypa. Dei vaksne tek nok sin monn igjen med hyggeleg julelesnad når julepynten er på plass og julekakene er ferdig baka.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar