onsdag 22. februar 2012

Fjell-tausa Kari-Anne

Ekspedisjon "Finn sauen Margit" med Nicolay og Kari-Anne som frontfigurar.
Den som trur at Kari-Anne Nilsen har langsame og kjedelege dagar der ho bur åleine på Ytste Skotet må tru om igjen. Ho nyt fridomen ho har kvar dag og har ikkje vanskar med å fylle dagane med meiningsfullt arbeid. Og så er ho sjølsagt ikkje åleine. Bikkja Buster er attmed henne heile tida. Og i tillegg har ho selskap av 10 sauer, ein hest, åtte høner og tre kattar. Av og til kjem det litt ekstra spenning i tilveret. Til dømes når den eventyrlystne sauen Margit dreg på ekskursjonar på eiga hand. Denne veka har Kari-Anne hatt besøk av nevøen Nicolay. Han har vore med og leita etter Margit, så langt utan resultat. Men Nicolay har uansett gjort stor nytte for seg. Han har både fora dyr og servert museumsstyraren fastelavnsbollar på senga!

Sjølv om Kari-Anne trivest som museumsstyrar, landskapspleiar og kulturformidlar på Skotet, synest også ho at det kan vere godt å få skifte litt på utsikta med visse mellomrom. Enkelte helgar har ho hatt hjelp av avløysar som har teke seg av dyra medan ho sjølv har fått ei miljøforandring. Dette tilbodet står framleis ope: Viss det er nokon som vil ha ei uforgløymeleg helg i storfelt fjordnatur så står oppgåva som helgeavløysar ledig. Kari-Anne har ikkje noko stort vikarbudsjett. Løna ho kan tilby er naturoppleving saman med koselege dyr og overnatting i historiske omgjevnader.

torsdag 9. februar 2012

Inn iHusa via nettet

Her er skiltet som fortel korleis du skal lage Hauleitegraut- om du har ein smarttelefon: Foto: Heidi Sletten.
Museumsguiding via mobiltelefon er det nyaste innan museumsbransjen. Volda bygdetun er ope for besøkande alle vekedagar, 24 timar i døgnet, men her er ikkje bemanning like lenge. Men har du ein mobiltelefon av den smarte typen treng ikkje hjelpa vere langt unna uansett når du kjem på besøk. På strategiske stader i tunområdet er det hengt opp laminerte visittkort. På korta er det trykt inn såkalla QR-koder. Ved å halde telefonen bort til koden får du fram på mobilskjermen opplysningar om likt og ulikt som har tilknytning til museet.

- Vi har kalla dette prosjektet iHusa, fortel avdelingsleiar ved bygdetunet, Heidi Thøni Sletten. - Gjennom å bruke QR-kodane kan du få informasjon om det som er inne i husa og tradisjonsstoff knytt til tunet. Dersom du nyttar kortet som står ved smia får du oppskriften på ekte Haualeitegraut, ein velsmakande byggmjølsgraut. Er du i nærheiten av utescena finn du eit anna skilt ved restane av det gamle lysthuset. Der kan du finne bilete av lysthuset slik det var i sine velmaktsdagar. I Kornbergstova budde det i si tid ein båtbyggar. Gjennom å nytte QR-koden kan du få sjå ein båt han bygde og få vite meir om båtbyggaren. I sengebuda finst der eit kongemonogram, etter Christian VII. På mobiltelefonen din kan du få opp eit flott bilete av mongrammet.

Heidi ser ikkje for seg at mobilguidinga skal erstatte den personlege visninga rundt i tun og hus. Men ho meiner det er viktig at musea prøver ut alternative formidlingsformer for å nå nye brukargrupper. Og så er det ikkje alle som kan vitje musea i opningstida. No kan Volda bygdetun tilby formidling heile døgnet takka vere smarte mobilløysingar.