onsdag 14. november 2012

Dei tende lys i mørket


Eit utsnitt av den nye utstillinga på fyrmuseet i Dalsfjorden. (Foto: Kjetil Tandstad.)
Fyrbyggarane på Sunnmøre var sentrale i nasjonsbygginga frå midten av 1800-talet og framover. Dei merka og lyssette farleia langs kysten slik at det vart tryggare å ferdast der. No får desse pionerane historia si fortalt gjennom ei innhaldsrik utstilling i nybygget til Fyrmuseet i Dalsfjorden. Nybygget og utstillinga vart feira med opningsfest i førre veke.

- Dette museet bør vere mål for ei sunnmørsk danningsreise, slo styreleiar i Stiftinga Sunnmøre Museum, Ragna Dahl Grønnevet, fast då ho talte under opningsseremonien. Ferdselen langs kysten og næringsaktiviteten i desse nære havområda er sentrale element i historia om korleis sunnmørssamfunna voks fram. For sunnmøringar og andre med interesse for den regionale samfunnsutviklinga vil dette museet ha mykje å fortelje, sa Grønnevet.

Fyrmuseet i Dalsfjorden går inn i eit nasjonalt nettverk av fyrmuseum. Eit anna av musea i nettverket er fyrmuseet på Lindesnes. Herifrå helste leiaren Jo van der Eyden. Han heva særleg fram innsatsen til Kjell Viken som i ei årrekke har stridd for at fyrbyggarane på Sunnmøre skulle få sitt eige museum og dokumentasjonssenter. Dei siste tiåra har Viken og medhjelparane hans samla verktøy og utstyr som fortel om livet til fyrbyggarane på øyer og utvær, der dei var store delar av somrane for å trygge farleia langs kysten, leia som også er kalla Riksveg 1. Sjølv om mykje av det innsamla tilfanget no har blitt presentert på ein instruktiv måte i det nye fyrmuseet, er det mykje meir å ta av i lager og deponi. Så her vil utstillingane ikkje bli statiske, men kan fornyast etter som skiftande tema vert fokuserte.

Den formelle opninga av Fyrmuseet stod regiondirektør for Kystverket Midt-Norge, Harald Tronstad, for. Han gjorde det ved å setje lys i ei stor Fresnell-linse og ved å framkalle klare lydar frå ein gammal tåkelur. Lyd laga også ørstingen Egil Olsen som var hyra inn for å stå for den musikalske underhaldninga på opningsfesten, og ikkje minst Dalsfjorden sitt eige bluegrasband. Drivarane av Fyrmuseet i Dalsfjorden vil ta med seg dei svingande tonane inn i den nye arbeidsdagen sin, og sørgje for at lyd- og lyssignal treff framtidige gjester, både eldre og yngre .