mandag 18. april 2011

Nytt frå Gavlen

Elevar i arbeid med å lage båt av ein tømmarstokk i Katavågen ved Borgundgavlen.
Borgundgavlen heiter området der Sunnmøre Museum ligg, på ei landtunge mellom Borgundfjorden og Nørvasundet. Difor er det ikkje meir enn rett og rimeleg at meldingsbladet til Sunnmøre Museum og Sunnmøre Museumslag heiter Gavlen. Det siste nummeret av Gavlen vart sendt ut til medlemene i museumslaget like før påske.
  Bladet er tradisjonelt i forma, og på dei første sidene får vi lese årsmeldinga til museumslaget og vi får vite når årsmøtet i laget skal vere. Men ein skal ikkje blade lenge i Gavlen før ein legg merke til at nye røyster no gjer seg sterkt gjeldande i museumsbransjen. Museet sin ansvarlege for nye digitiale media, Frøydis Høyland Svisdahl, har blitt medlem i redaksjonen, og den same Frøydis har ein informativ artikkel om museet si satsing på dei sosiale internettkanalane. Denne bloggen er eit av resultata av denne satsinga som har skaffa museet merksemd over det ganske land. I fagbladet Museumsnytt fekk Sunnmøre Museum nyleg heiderleg omtale for måten museet hadde samla "den sosiale medieverda" på heimesida. Frøydis fortel i artikkelen om dei ulike formidlingskanalane som er komne på plass. I tida framover vil det vise seg om ein når ut til mange menneske gjennom desse kanalane. Her er museet innstilt på tålmodig arbeid. "Rom vart ikkje bygd på ein dag."

tirsdag 5. april 2011

Lokalhistorie på nett

Heidi Sletten ved Volda bygdetun har sans for formidling av lokalhistorie på nettet.
Lokalhistoriewiki heiter ein relativt ny nettstad der ein kan finne stoff om norsk lokalhistorie. Vi sit på kontoret til museumsstyrar på Volda bygdetun, Heidi Thøni Sletten. Ho peiker begeistra på framsida til nettstaden der det ligg ute to artiklar frå Volda si nære forhistorie. Meir eksakt handlar artiklane om båt og fiskeri i Austefjorden. Her inne, inst i Voldsfjorden, finst det eit svært aktivt lokalhistorisk miljø rundt Austefjord Museumslag. I dette laget har dei samla inn mykje stoff om lokala fiskebåtar, fiskereiskapar, fiskemetodar og notlag mm. Med Lokalhistoriewiki har entusiastane fått ein verdsdekkande kanal for å formidle informasjonen og kunnskapen sin. Her ligg dei altså ute med informasjon om gamle båtar i Austefjorden, dette vert presentert saman med opplysningar om Eldorado kino i Oslo og rokkeringar frå Steinkjer, for å nemne noko. Alle samfunn har si lokalhistorie, og frå kontorbordet til museumsstyrar Heidi i Volda kan vi bla oss fram gjennom norgesgeografien frå nord til sør.

Noko av det bloggaren finn mest interessant er bileta som er tekne av modellane frå Årsetøysamlinga ved Austefjord Museum. To brør, Andreas og Knut Årsetøy, budde heile livet sitt på Årsetøya inst i Austefjorden. Noko av tida si brukte dei til å bygge opp detaljerte modellar av arbeidslivet i fjorden, til dømes fiskeria. Fotograf Ragnar Albertsen gjorde fotografiske opptak av samlinga  og han har verkeleg greidd å gje liv til modellane. Han har teke bilete frå ulike vinklar, nedanfrå, ovanfrå og frå sida slik at vi nærast kjenner at vi er med på arbeidet, at vi tek tak og dreg opp nøtene, og etterpå breier dei ut til tørk i nothenga.