lørdag 1. mars 2014

Møbelmuseet i boks!

Kjetil Tandstad ved NMFS ønskjer velkomen til opning av den nye permanente utstillinga ved museet.

Etter mange månader med førebuing kunne endeleg dagleg leiar ved Norsk Møbelfaglig Senter (NMFS) i Sykkylven, Kjetil Tandstad, ønskje velkomen til flunkande ny utstilling ved NMFS. Opninga av den permanente utstillinga; Ver så god sitt, inneber eit langt steg framover for møbelmuseet som starta verksemda si i den fasjonable Berli-villaen på Klokkehaugen i Sykkylven i 1995. Der var det ikkje plass til noka stor utstilling. Betre vart det då NMFS flytte til den tidlegare Strømmefabrikken i Aure sentrum i 2000. Men det var først no i 2014 at senteret fekk på plass ein større og brei presentasjon av norsk og internasjonal møbelhistorie for dei siste hundre åra.

Mange personar har vore involvert i produksjonen av utstillinga, fortalde Kjetil Tandstad under opningsarrangementet fredag 28.mars. Utstillingskonsulent Tone Anda la eit grunnlag som fleire har utvikla vidare. Dei som arbeidde mest med prosjektet dei siste månadane var designaren Svein Asbjørnsen og modellutviklar Arve Grønmo. Tandstad fortalde at den siste hylla med småmøblar frå Vitra-museet kom på plass same føremiddagen som opninga skjedde.

Om innhaldet i utstillinga kan vi lese dette på møbelmuseet sine heimesider: "Ver så god, sitt, heiter utstillinga, som vil bli den største permanente historiske utstillinga av norske industrimøblar. Her kan ein sjå møbelprodukt og produksjon frå dei tidlege kjellarbedriftene si tid. Her blir det også vist korleis bransjen gjennom mekanisering, spesialisering og stort pågangsmot har nådd fram til dagens høgteknologiske og internasjonaliserte produksjon.Utstillinga viser også 30 klassiske møbelprodukt frå dei siste seksti åra, plukka ut av ein nasjonal fagjury som dei beste som er laga her i landet. Ein kan også sjå ei samling med 50 klassiske miniatyrar av europeiske designmøblar gjennom hundre år. Dette var design som, medvite eller ikkje, også påverka norske og sunnmørske møbelskaparar."



Fleire framførte helsingstalar under opningsarrangementet. Mellom desse var styreleiar Ragna Dahl Grønnevet i Stiftinga Sunnmøre Museum som også har driftsansvaret for møbelmuseet. Ho rosa det gode miljøet som var rundt Norsk Møbelfaglig Senter. - Når vi skal fortelje om korleis samarbeidet mellom museum, vennelag, næringsliv og kommune kan skje, viser vi til Sykkylven, sa Grønnevet. - Her dreg de i same retninga, og resultata blir som vi ser i dag gode. Styreleiar ved NMFS, Otto-Magne Strømmegjerde, drog opp dei historiske linene, og sa at det ikkje var sjølsagt at møbelmuseet skulle kome til Sykkylven. Både Ørsta, Stranda og Stordal ville også gjerne ha denne nasjonale institusjonen. Men det var ikkje meir enn rimeleg at museet kom til den kommunen som har vore sjølve kraftsenteret i norsk møbelproduksjon dei siste tiåra. Og at det var eit godt val ser vi i dag, når vi kan opne ei ny utstilling som er frukt av samarbeidet med eit levande bransjemiljø. Første styreleiar i NMFS, Inge Langlo, helsa også på den store dagen. Han innleia med å seie at det i utgangspunktet var meininga at NMFS skulle bli noko meir enn eit reint museum. Det skulle også ha ei utviklingsside for bransjen i dag. No såg han at også historieformidling kunne ha ein eigenverdi. - Det er viktig å ta med seg inspirasjonen frå dei som gjekk foran og viste veg. Dei gjorde det med kreativitet og pågangsmot. Dette er verdiar som held enno, meinte Langlo. Ordførar Petter Lyshol som også var framme og gratulerte med dagen, kunne samstundes avsløre at det nye kompetansesenteret for møbelindustrien same dagen hadde blitt fullfinansiert. Dermed er alle møbelbrikkene på plass i Sykkylven, både det historiske bakteppet og visjonane om framtidas møbelindustri. Med det er draumen sentergrunnleggaren framfor nokon, Inge Langlo, ein gang hadde, nær oppfylt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar