tirsdag 4. september 2012

Frå steinalder til notid

Nyleg var Heidi Haugene på Godøy kystmuseum vertskap for styret i Stiftinga Sunnmøre Museum som  hadde eit møte på museet. Her er det Bjørn Nedreskodje og Christel Magnussen som får omvisning i losstova. (Foto: Eldar Høidal)
Det ville ha vore ei overdriving om vi sa at Godøy kystmuseum ligg like ved allfarvegen. Trafikken forbi museumstunet i Geilevikane er ikkje stor, men den som tek seg fram, t.d. frå Ålesund, gjennom to undersjøiske tunellar, ei bru og ein tunell til får stor løn for leitinga. Godøy kystmuseum er som ein forundringspakke med stadig nye lag. I dette museet kan du vandre frå steinalder til fram mot vår eiga tid, og det er stor sjans for at du får med deg ein entusiastisk museumsstyrar, Heidi Haugene, på vandringa.

Heidi er sjølv arkeolog og ho kan godt vere stolt over den nye arkeologiutstillinga som ein finn i kjellaren i houdbygget på museet, ei gammal skulebygning. Giske er kjent som eit fordums høvdingsete, og lenge før vikingtid var her velutvikla samfunn som hadde omfattande kontakt med verda utanfor. I arkeologiutstillinga viser museet fram kopiar av fornfunn som er gjorde i Giske kommune. Her finn vi mellom mykje anna betalingsmiddel i form av gullringar og mynt med bilete av ein romersk keisar. I år har Heidi fått laga til ei tidslinje som plasserer funnperiodane på Giske saman med parallelle hendingar i den store verda. Gjennom å knyte dei lokale funna til verdskjende hendingar og personar, som bygginga av den kinesiske muren, Nefertiti og Sokrates får ein illustrert at Giske var, og er ein del av verda, og at øysamfunnet ikkje var så isolert og tilbakeliggande som mange liker å tru. Tidslinja blir ført fram til slaget ved Hastings i England i 1066. Dette reknar ein som skiljepunktet mellom førhistorisk og historisk tid.

På Godøy kystmuseum kan vi følgje utviklinga vidare, gjennom fiskeriutstillinga som ligg vegg-i-vegg med "fortidsrommet." Heidi seier at mange av fiskereiskapane som er samla her også var i bruk både i førhistorisk og tidleg i historisk tid. Det gjeld til dømes søkkene. Dei har funne søkker som førte fiskekrokane ned i vatnet frå eldre steinalder. Også fiskekrokar har nordmenn brukt gjennom mange hundre år. I fiskeriutstillinga som fører utviklinga fram mot våre eigne dagar, står linefisket i fokus. Det er dette fisket som har vore Godøya sitt hovudfiskeri.