søndag 12. juli 2015

Trykkerimuseet på Ekset

Cecilie Rørstad ved den store trykkepressa på Sivert Aarflot-museet. 
På Ekset, i Volda kommune, ikkje langt frå grensa til Ørsta kommune, ligg eit museum som er reist for å minnast mannen som byrja det første trykkeriet på landsbygda i Noreg og som starta den første lokalavisa. Mannen heitte Sivert Aarflot, og museet har fått namn etter han.

Museet er eigd av Sunnmøre Museum, men vert drifta av Volda bygdetun. Museumsstyrar Cecilie Rørstad viser gjerne rundt i museumsbygget på Ekset. Ho meiner at dette er ein av dei heilt sentrale kulturattraksjonane i Volda/Ørsta-området. Desse stadene er kjende skule- og kulturbygder, og mange ser på virket til Sivert Aarflot og krinsen rundt han som sentrale i etableringa av kultur- og lærdomstradisjonane i dei to kommunane. Ivar Aasen voks opp i Hovdebygda og var i unge år flittig gjest på trykkeriet som også hadde eit bibliotek, der vitelystne unge og eldre kunne sanke kunnskap.
I byrjinga vart bokstavane møysommelige monterte ein for ein og sette saman til ferdige sider. 

I Sivert Aarflot-museet finn vi i dag ei utstilling som fortel om mannen og tida han levde i. Sivert Aarflot flytte til Ekset frå Åmdalen i Ørsta i 1798. Han fekk stillinga som lensmann i soknet og kombinerte dette ombodet med opplysningsverksemda si. Ved sida av teksplansjar og montrar som viser glimt frå livet hans, er det montert opp trykketekniske innretningar som viser utviklinga i trykkekunsten, frå Gutenbergnivå, til meir avanserte trykkpresser som kunne produsere trykksaker etter måten effektivt. Alt utstyret som vert presentert vart drive med handemakt. Slik dreiv dei trykkeriverksemda til langt ut på 1900-talet.
Cecilie Rørstad med døme på trykksak frå Aarflots Prenteverk, dei nye handelslovene frå 1866.

I hyllene i museet finn ein aviser, blad og bøker som er prenta i trykkeriet til Aarflot som var i same familien i fleire generasjonar. Her er også andre trykksaker som fortel om dei åndelege impulsane som gjekk over landet i harde brytningsår på 1800-talet. Denne staden må vere ei skattekiste for dei som vil ta djupdykk ned i kultur- og mentalitetshistoria på Vestlandet. Cecilie Rørstad opnar gjerne dørene for dei som vil gjere slike djupdykk.  - Her er både stolar og bord der interesserte kan setje seg ned om dei vil lære meir om denne delen av soga vår. Ho ser også for seg at det i åra framover vil skje fleire arrangement her på museet. Det kan vere kulturvandringar i fotefara til Sivert Aarflot og Ivar Aasen, eller det kan vere praktiske demonstrasjonar som viser korleis ein lagar papir og korleis trykksaker vart laga før elektrisiteten og dei moderne trykkemaskinene si tid. Slike arrangement har det allereie vore ein del av, og fleire vil det verte, seier Rørstad.