søndag 12. juli 2015

Trykkerimuseet på Ekset

Cecilie Rørstad ved den store trykkepressa på Sivert Aarflot-museet. 
På Ekset, i Volda kommune, ikkje langt frå grensa til Ørsta kommune, ligg eit museum som er reist for å minnast mannen som byrja det første trykkeriet på landsbygda i Noreg og som starta den første lokalavisa. Mannen heitte Sivert Aarflot, og museet har fått namn etter han.

Museet er eigd av Sunnmøre Museum, men vert drifta av Volda bygdetun. Museumsstyrar Cecilie Rørstad viser gjerne rundt i museumsbygget på Ekset. Ho meiner at dette er ein av dei heilt sentrale kulturattraksjonane i Volda/Ørsta-området. Desse stadene er kjende skule- og kulturbygder, og mange ser på virket til Sivert Aarflot og krinsen rundt han som sentrale i etableringa av kultur- og lærdomstradisjonane i dei to kommunane. Ivar Aasen voks opp i Hovdebygda og var i unge år flittig gjest på trykkeriet som også hadde eit bibliotek, der vitelystne unge og eldre kunne sanke kunnskap.
I byrjinga vart bokstavane møysommelige monterte ein for ein og sette saman til ferdige sider. 

I Sivert Aarflot-museet finn vi i dag ei utstilling som fortel om mannen og tida han levde i. Sivert Aarflot flytte til Ekset frå Åmdalen i Ørsta i 1798. Han fekk stillinga som lensmann i soknet og kombinerte dette ombodet med opplysningsverksemda si. Ved sida av teksplansjar og montrar som viser glimt frå livet hans, er det montert opp trykketekniske innretningar som viser utviklinga i trykkekunsten, frå Gutenbergnivå, til meir avanserte trykkpresser som kunne produsere trykksaker etter måten effektivt. Alt utstyret som vert presentert vart drive med handemakt. Slik dreiv dei trykkeriverksemda til langt ut på 1900-talet.
Cecilie Rørstad med døme på trykksak frå Aarflots Prenteverk, dei nye handelslovene frå 1866.

I hyllene i museet finn ein aviser, blad og bøker som er prenta i trykkeriet til Aarflot som var i same familien i fleire generasjonar. Her er også andre trykksaker som fortel om dei åndelege impulsane som gjekk over landet i harde brytningsår på 1800-talet. Denne staden må vere ei skattekiste for dei som vil ta djupdykk ned i kultur- og mentalitetshistoria på Vestlandet. Cecilie Rørstad opnar gjerne dørene for dei som vil gjere slike djupdykk.  - Her er både stolar og bord der interesserte kan setje seg ned om dei vil lære meir om denne delen av soga vår. Ho ser også for seg at det i åra framover vil skje fleire arrangement her på museet. Det kan vere kulturvandringar i fotefara til Sivert Aarflot og Ivar Aasen, eller det kan vere praktiske demonstrasjonar som viser korleis ein lagar papir og korleis trykksaker vart laga før elektrisiteten og dei moderne trykkemaskinene si tid. Slike arrangement har det allereie vore ein del av, og fleire vil det verte, seier Rørstad.


torsdag 7. mai 2015

Lære ved å gjere

Ingvill Naalsund viser elevane korleis dei skal tvinne reip. Jamne og rolege rørsler er viktig, og elevane tok poenget raskt.
Bygginga av ei stor bankskøyte på Prestebrygga i Ålesund sentrum har utløyst mykje god formidlingsaktivitet ved Stiftinga Sunnmøre Museum. Dei siste vekene har fleire hundre elevar frå ulike ålesundsskular blitt tekne med på ei reise ca 150 år attende i tida. Til ei tid der dei ikkje berre kunne gå inn i ein butikk og kjøpe det dei trong til fritid og arbeid, men måtte lage det dei trong sjølve. Det er museumsformidlarane Ingvill Naalsund, Håvard Hatløy og Ole M. Ellefsen som har hatt ansvaret for å gje elevane den rette innsikten. Det har dei ikkje gjort berre ved å fortelje om repslaging, sying av segl og hengekøyer og bygging av båtar, men ved å late elevane sjølve få sleppe til, mellom anna som repslagarar og seglprodusentar i lokala til Fiskerimuseet i Molovegen. Etter engasjementet til elevane å døme, var dette undervisningsopplegget spennande. Og truleg endå meir lærerikt enn å sitje på ein pult og få høyre det same heilt teoretisk.

Dei tre museumsformidlarane understreker at dette nettopp er musea sitt særpreg, og musea sin styrke i formidlinga: Unge - og vaksne - lærer meir effektivt når dei får vere aktivt med i prosessar. Når teori vert gjort om til praktisk røynsle, og ein får lærdomen inn gjennom både hender og hovud.

Alle elevar i ålesundsområdet har truleg høyrt om hampetau, men  få veit korleis slikt tau vert laga. Ingvill tok ei gruppe elevar frå Hatlane skule gjennom prosessen steg for steg. Alle elevane fekk prøve seg som repslagarar og fekk høyre, og røyne, kor viktig det var å gjennomføre repslaginga med seine og jamne rørsler. Taukvaliteten ville bli dårleg om ein tvinna dei tre taulengdene saman i rykk og napp. Vi let oss imponere over kor raskt elevane tok poenga, og kor jamt og fint tauet vart, på deira første forsøk.

Elevene fikk lære korleis segl og hengekøyer vart sydde. Og etterpå fekk dei prøve køyene. Dei fann raskt ut at her var ikkje mogeleg å liggje på magen!

Håvard var saman med ei anna gruppe Hatlane-elevar som fekk prøve seg som syarar. Håvard ville ha dei til å reflektere over kva det er som gjer at seglbåtar kan gå opp mot vinden. Dei fekk sjå korleis dei vingeforma segla skaffar framdrift ved å suge opp vind. Det er seglsaumen som er avgjerande for kor effektivt seglet blir.

Etter at elevane hadde gjort seg ferdig med stasjonane inne i Fiskerimuseet, var det tid for byvandring. Ole M. tok med seg elevane ut i den friske ålesundslufta og stogga for kjappe byhistoriske glimt både ved fyret på Molja, blant jugendhusa ved Brosundet, ved Naftadjupet og museumshaugen, før byvandringa enda på Prestebrygga der bankskøyta er i ferd med å bli ferdigbygd. Elevane sette tydeleg pris på ein  annleis skuledag. Og formidlarane skrytte av dei: Elevane som kjem hit er både snille og motiverte. Ja, det er kjekt på museum!
Ole M. Ellefsen fortalde elevane at om dei hadde levd for ca 150 år sidan hadde dei vore med koner som denne og gjere opp fisk. Tid til leksearbeid var det mindre av den gangen.

mandag 2. mars 2015

Eit nytt blad i båtsoga på Sunnmøre


Håvard Hatløy viser fram båtborda frå 1712 som no er monterte på ein vegg på Ishavsmuseet på Brandal.
Få veit meir om den gamle sunnmørsbåten, snidbetningen, enn Håvard Hatløy på Herøy kystmuseum. Men også han lærer stadig noko nytt om båttypen som berre var i bruk på Sunnmøre, og i eit visst omfang i Romsdalen. Lenge meinte ein at stordomstida til denne båttypen var på 1800-talet. Så oppdaga dei ein snidbetning som skriv seg tilbake til tidleg 1700-tall, og eit nytt kapittel kan skrivast i soga om snidbetningen.

Bakgrunnen for det oppsiktsvekkande funnet er denne: Eigaren av eit naust på Raffelneset i Hareid kommune avdekka nokre båtbord då han fjerna blikkplatene som hadde dekt båtborda frå tidleg i 1970-åra. Dette var kring år 2000. Så gjekk det nokre år utan at noko vidare skjedde. Det vart ikkje teke tak i dette før området der naustet stod vart regulert til industriområde, planeringsarbeidet tok til og gravemaskinane nærma seg naustet. Då gjekk gode krefter saman for å berge båtborda, og Håvard fekk det praktiske arbeidet med å ta ned borda og montere dei opp på ein vegg på Ishavsmuseet på Hareid.
Håvard Hatløy med ein modell av snidbetningen som båtbyggjaren Saxe Bjørkedal laga til då han var 90 år. Modellen er i storleiken 1:10.