tirsdag 19. april 2016

Museumsseminar blant isbjørnar og stoppamøblar

Magnhild Vatne ved Naturmuseet i Sykkylven fortel om dei første dyra som kom til Noreg etter at landet vart isfritt, mellom andre reinsdyret.
Nyleg var 40 museumsfolk frå heile Møre og Romsdal samla til todagars seminar. Det var Stiftinga Sunnmøre Museum som var vertskap, og stiftinga nytta høvet til å vise fram den nye utstillinga som er laga ved Naturmuseet i Sykkylven. Utstillinga, som har fått namnet "Mosaikk" vart opna i mars i år, og inviterer dei besøkande til ei vandring frå istid til vår tid, Sykkylven Naturmuseum er det einaste naturmuseet mellom Bergen og Trondheim, og avdelingsleiar, Magnhild Vatne, har opplevd stor pågang av nysgjerrige dei vekene museet har vore ope. Ho trur at samlokaliseringa med Møbelmuseet som dei no har fått vil gjere museumsbesøket enno meir attraktivt. No får ein to museum i same billetten, og ein tredje attraksjon er undervegs: I Sykkylven arbeider ei gruppe som kallar seg Aura-Påls venner med ei synleggjering av fornfunna som er gjorde i markane like ved museet. Det er konkrete planar om å rekonstruere eit bronsealderhus allereie i år. Når det vert realisert vert musea i Sykkylven reine Kinder-egget!
Kjetil Tandstad ved Møbelmuseet i Sykkylven viser fram den første stolen i verda med heil stopping av skumplast, Javastolen frå 1953.