Magnhild Vatne ved Naturmuseet i Sykkylven fortel om dei første dyra som kom til Noreg etter at landet vart isfritt, mellom andre reinsdyret. |
Kjetil Tandstad ved Møbelmuseet i Sykkylven viser fram den første stolen i verda med heil stopping av skumplast, Javastolen frå 1953. |
Ved sida av museumsbesøk fekk deltakarane på museumssamlinga fagleg oppdatering. Per Øyvind Riise var henta inn for å fortelje om Spectrum som er noko så spennande som ein handlingsplan for samlingsforvaltninga i musea! Spectrum er utvikla i England og etter kvar teke i bruk i samlingsforvaltninga i fleire land. Det er Kulturrådet som har teke initiativet til å få omsett Spectrum til norsk, og ein vurderer implementering av planen også i norske museum. I korte trekk handlar Spectrum om å sikre at forvaltninga av gjenstandar skjer etter kvalitetssikra og felles rutinar over alt. Her er såkalla flytskjema som sikrar at musea gjer det rette ved inntak av gjenstandar, ved oppbevaring, flytting og avhending med meir. Mange av musea praktiserer dei fleste retningslinjene i Spectrum allereie, men som Riise understreka, sikrar Spectrum at prosedyrane vert personuavnhengige, like for alle musea og at ein kan samhandle trygt over landegrensene på dette feltet.
Ana Laws er oppteken av at musea også skal dokumentere, forske i og formidle dei digitale spora vi etterlet oss. |
Eit anna interessant bekjentskap under samlinga var Ana Luisa Sanchez Laws, ei ung kvinne frå Panama, som i mange år har engasjert seg i dokumentasjon og formidling av digitale kjelder. Musea har så langt interessert seg mest for fysiske gjenstandar, men kva med dei virtuelle, digitale spora som menneska etterlet seg, spurde Ana. Ho viste døme frå fleire museum, mellom anna i London og Australia der dei har teke denne utfordringa alvorleg og teke inn digitale kjelder, i form av ytringar og bilete på sosiale media som Facebook og Instagram. Dette meinte ho var ein effektiv måte å engasjere ungdom i museumsarbeidet. Deira verd er i stor grad digital. Musea må gjennomføre ei vending og ikkje berre vere materialorienterte, men også idéorienterte, meinte Laws, som nettopp har kome ut med ei bok om temaet.
Det er store spenn i museumsarbeidet i dag, og seminardeltakarane vandra raskt frå istid til digitale framtidsvyer. Og dei såg ut til å finne seg godt til rette med det!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar