lørdag 21. desember 2013

Ver så god, sitt!

Avdelingsleiar ved møbelmuseet i Sykkylven, Kjetil Tandstad, i inngangspartiet til den nye utstillinga, Ver så god, sitt!
Det var berre så vidt han hadde tid til å ta juleferie, avdelingsleiar ved Norsk Møbelfaglig Senter i Sykkylven, Kjetil Tandstad. Heilt fram til siste arbeidsdag før jul var det hektisk monteringsaktivitet i utstillingslokalet til møbelmuseet i Sykkylven. Møbelveteranane Arve Grønmo og Svein Asbjørnsen arbeidde så støyvføyka stod med tilpassing av deleveggar der det skal på plass bilete og tekstar med informasjonar om møbelindustriens utvikling dei siste hundre åra. Allereie tidleg i januar 2014 må møblar og verkstadinteriør og alt det andre som skal utgjere møbelmuseet si faste utstilling vere på plass, for då er det venta besøk av lærelystne skuleelevar.

Kjetil har tru på at tidsplanen skal halde, og han ser fram til at alle brikkene skal falle på plass i det puslespelet som ei slik utstilling er. Førebels ligg dei forskjellige utstillingselementa i haug og dungar i inngangsområdet til møbelmuseet. Det einaste som er skikkeleg på plass er ein stor vegg med bilete og tekst og tittelen på utstillinga: Ver så godt, sitt! Dersom ein skulle følgje det rådet den førjulsfredagen vi var på vitjing, måtte vi ha innteke den sitjande posisjonen på golvet. Og det er kanskje ikkje så gale, for det var nok der stolen si historie starta.

Møbelutstillinga som snart er på plass i museumsbygget i Storgata i møbelhovudstaden Sykkylven er fire-delt. Sentralt i utstillinga finn vi ein rekonstruksjon av ein møbelsnikkarverkstad slik han var i industrien sin barndom, før siste verdskrigen. Her er mykje gjort for at dei besøkande skal få ei kjensle av korleis det var å arbeide i dei tidlege møbelbedriftene. Høvelbenken er på plass, tilliks utstyret dei trong for å lage korgmøblar, og å gje stolane stopning. Tak og veggar har ein historisk patina. Det var her eventyret starta.

tirsdag 10. desember 2013

Kjær juletradisjon

Stearinlyslaging er ein av dei faste aktivitetane på førjulssøndagen på Sunnmøre Musem. Dag Brøther t.h. er lysstøypesjef.
Førjulssøndagen ved Sunnmøre Museum i Borgundgavlen vert berre meir og meir populær. Andre søndagen i desember var mange av husa i museumstunet fylte med born og vaksne som arbeidde med praktiske oppgåver, eller koste seg med god mat og varm drikke. Avdelingsleiar ved museet, Siw Solvang, fortel at over 2000 små og store besøkande var innom portane, og det er det største besøkstalet dei har registrert på alle dei åra førjulssøndagen har vore arrangert.

Det er knapt nokon tid på året at tradisjonane står så sterkt som i julemånaden. Då vil vi at det skal vere slik som det alltd har vore. Då vil vaksne gjenoppleve den gode stemninga og forventningane dei hadde i sin eigen barndom, og dei vil gjerne at born og barneborn skal få del i dei same opplevingane. Og kvar er det meir naturleg å bli ført inn i juletradisjonane enn på eit museum? Sunnmøre Museum har menneske som veit meir om lokale juletradisjonar, julemat, juledekorasjonar og tradisjonelle julegåver enn dei fleste. Denne søndagen fann vi dei i museumshus midt i flokken av barn og voksne. Mellom aktivitetane dei gjennomførte var; produksjon av matter og eplebåtar, honninglys og trebåtar. I Framgardstova var det kinning av smør og i kyrkjebudene ved sjøkanten var det sal av julenek, keramikk og skinn.

Vi tok oss ein tur bort til handverkargata i enden av museumsområdet. Her var det hengt opp grankransar på tvers av gata, og i alle husa var det lys og varme. Det var reine Skomakargatestemninga. I skomakarhuset var det rett nok ingen skomakar Andersen. Her hadde knivmakar Svein Johansen frå Sykkylven utstilling av mange av knivane han har laga. I smia fann vi smeden i arbeid og i Larsnesbuda freista to jenter med gammaldags godteri. Godteri av eit litt anna slag fann vi i Dybhuset, der styreleiar i museet, Ragna Dahl Grønnevet og fylkesformidlar Ingvill Wille laga sirupssnittar til den store gullmedalje.
Ingvill Wille og Ragna Dahl Grønnevet inviterer til smaking av omnsferske sirupssnittar.

Dei som vart kalde av å gå i julegatene og mellom dei gamle museumshusa, kunne gå inn i det store museumsbygget. Her var kafeen full heile dagen, og sveler og kaker gjekk ned på høgkant. Elles var dei ulike etasjane i museumsbygget også fylte med aktivitetar. Her fekk borna lage julekorger og julenisser, leike med tinnsoldatar og hoseband. I underetasjen var det demonstrasjon av trykking på gamlemåten. Underteikna skribent residerte på det som truleg var dagens rolegaste stand, der Årbok for Sunnmøre vart selt. Denne dagen var det borna som fekk bestemme aktivitetsløypa. Dei vaksne tek nok sin monn igjen med hyggeleg julelesnad når julepynten er på plass og julekakene er ferdig baka.