mandag 7. mai 2012

Den store fredsdagen

"Fritt er Noreg, flagg i flagg, mellom frie frendar. Vårt er Noreg, hav og fjell og frie grøne grender." Slik tolka sykkylvingen Karstein Oddmund Vik stemninga han kjende maidagane i 1945 då tyskarane kapitulerte og den fem år lange krigen var over. 8. mai var sjølve fredsdagen. Meldinga om at krigen var over spreidde seg raskt ut over landet, også i Sykkylven. Elektronikkforhandlar Karl Welle i Sykkylven sentrum rigga til ein radio med høgtalar utanfor forretningsbygget sitt tidleg på frigjeringsdagen. Fabrikkane tok pause og mange strøymde til for å høyre siste nytt.
   Slik var det også i Straumgjerde lenger inne i fjorden, minnest snart 100 år gamle Tomas Tandstad. - Seint på året i 1940 kjøpte eg meg ein ny radio. Då påbodet kom om å levere inn radioane i 1942 leverte eg inn den gamle, men gøymde vekk den nye. Radioen fann eg fram den 8. mai i -45. Eg tok han bak på sykkelen og tok meg fram til ungdomshuset Vaarvon, der radioen vart skrudd på slik at vi kunne få høyre kva som skjedde ute i den store verda. Dette frettest fort og snart var ungdomshuset fullt av folk, fortel Tandstad.
I dag tek vi det som sjølsagt at vi kan heise det norske flagget. Frå 9.april  1940 - 8.mai 1945  stod flaggstengene nakne. Her vert flagget heist ved Tandstad skule av rektor Otto-Magne Strømmegjerde.

Petter Kursetgjerde stod også midt oppe i det. Han budde i kommunesenteret og etter at dei var ferdige med arbeidet følgde han dei andre til ungdomshuset Valhall. Her var det feststemning: "Doktoren sette seg til pianoet og spela opp til dans, og folk dansa i bøtte, oppatsydde kle og ditto skor. Men kva gjorde det, det var fred! Og sjølv dei som ikkje hadde teke eit dansetrinn i heile sitt liv, dei dansa rundt, song trallalla, der var så lys og god stemning utan alkohol."



Noko av det første folk tenkte på var å få opp norske flagg på flaggstengene. I fem lange år hadde det ikkje vore lov å markere 17. mai med flagg og hurrarop. Men flagga var tekne vare på, for folk visste at dei ville komme til nytte ein gong. Slik fortel Johanne Sætre i sine livsminne om fredsdagen og flagget:


"Flaggstonga hadde stått naken i lange krigsår, og vi heiste det vakre, norske flagget til topps opp mot den blanke, blå himmelen. Det blakra for fred i Noreg. Kor stort det var! Mannen min gjorde teikn til Jon, grannen vår, på andre sida av elva. Dei hadde ei stor flaggstong som låg nede, men Jon forstod med ein einaste gong det store som no hadde hendt. Han vart så glad, sprang og tok det første som var for hand. Det var ei lang steinvøg. Ei steinvøg er ein stor, sterk staur til å bryte opp stein med. Jon festa flagget til steinvøga og reiste den opp ved Storesteinen ovanfor husa deira. Fint og gripande stod det der, fridommen sitt merke, og lyste i bygda vår."

For oss som ikkje opplevde krigen er det nok vanskeleg å setje seg heilt inn i den sterke gledeskjensla dei hadde som opplevde 8. mai i 1945. Dei hadde vore gjennom fem vanskelege år då dei måtte vakte vel kva dei sa og kven dei sa det til. Ufridomen og meningstvangen var noko av det vanskelagste for eit folk som var vande med å seie fritt ut det dei meinte. Den beste måten vi i dag kan føre vidare minnet om 8. mai på er ved å ta i bruk det frie ordet, og ytre oss klart og tydeleg om det er noko vi finn er urett i samfunnet vårt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar