onsdag 7. mars 2012

Kvinnene var industripionerar i Sykkylven

Når det vert snakka om industrieventyret på landsbygda på Sunnmøre tidleg i det førre hundreåret er det gjerne menn og møbelindustrien som speler hovudrollene. Men det er like stor grunn til å trekke fram kvinnene som industripionerar. I sentrale møbelkommunar som Sykkylven, Volda og Ørsta var konfeksjonsindustrien viktigare for sysselsettinga og verdiskapinga enn møbelindustrien dei første tre tiåra av nittenhundretalet. Og i konfeksjonsbedriftene var kvinnene i klart fleirtal. I 1925 var dei fleste registrerte industriarbeidarane i Sykkylven kvinner tilsette i konfeksjonsbedrifta Fønix. I 1928 var tre fjerdedelar av fabrikkarbeidarane i kommunen kvinner. Så vart det brått eit skifte. I 1929 vart det skipa tre nye møbelverksemder som voks kraftig dei komande åra, mens konfeksjonsindusrien stagnerte. Så allereie i 1931 var det dobbelt så mange menn som kvinner som hadde industriarbeid som yrke.
Olga Ringdal i madrassavdelinga ved J.E. Ekornes Fabrikker var ei av kvinnene i den tidlegere industrien i Sykkylven.
Men kvinnene var altså tidlegast ute. Den første konfeksjonsbedrifta i Sykkylven vart etablert av Andreas Furseth, i 1900. Han hadde ikkje vanskar med å få tak i kompetent arbeidskraft. Dei unge jentene lærde tidleg å handtere nål og tråd, og symaskinar. Dei lærde saumarbeid både heime og på skulen. Slike kunnskapar var vurderte som avgjerande viktige om dei vart gifte og fekk ansvaret for hushaldet i familien. Den tida gjekk dei ikkje i butikkane for å skifte ut klede som var slitne. Mykje av kleda vart laga heime, og bukser, skjorter, kjoler og kofter vart reparerte og omsydde så lenge det gjekk an. Kunnskapane var ikkje mindre viktige når arbeidsgjevarar etterspurte flinke og nøyaktige syarar som kunne lage klede på ”løpande band.”

Eit av dei første bileta frå industriarbeidarmiljø i Sykkylven, er frå verkstaden til Andreas Furseth, teke like etter at han etablerte seg i kommunen. Sentralt i biletet sit syarane, seks kvinner attmed symaskinene. Bak står tre menn, eigaren og to andre. Kjønnsrollene var klare, kvinnene vart sett til detaljarbeidet som krevde stillesitjande tålmod. Mennene hadde det friare fordelingsarbeidet, dei klipte til stoffet og såg til at kvinnene heile tida hadde arbeid mellom hendene. I stor grad er dette kjønnsmønsteret i industrien halde oppe til i dag. Ein finn knapt ein einaste mann ved ei symaskin i 2012 heller. Kvinnene på biletet er unge. I venstre biletkant ser vi at ei av kvinnene har passert middagshøgda og har fått ein gråtone i håret. Det illustrerer det som var den vanlege livssyklusen til kvinnene. Dei var ute i arbeidslivet fram til dei gifte seg. Etter at borna var blitt arbeidsføre og sjølvstendige kunne dei ta til i yrkeslivet igjen.

Frå 1930-åra tok møbelindustrien meir og meir over den samla industrisysselsettinga i Sykkylven. Og i dei første åra var det få kvinner som fekk, eller søkte, arbeid i møbelbedriftene. Fram til 1940 var det i snitt frå ei til tre kvinner i produksjonen i møbelbedriftene. Eit unntak var bedrifta J.E. Ekornes Fabrikker AS som frå midten av 1930-åra byrja å lage madrassar i stor stil. I madrassane var det ein del saumarbeid og i denne produksjonen var kvinnene etterspurde.

Fram til ca 1970 var det likevel relativt få kvinner i den lokale møbelindustrien, men då snudde det. Også her var Ekornes-verksemda i front. Dei tok initiativ til det som vart kalla husmorskiftet. Dette skiftet kom i gang fordi bedrifta opplevde ein kraftig vekst i etterspurnaden som dei ikkje greidde å ta unna med berre eitt skift. Ved å forlenge arbeidstida, og utnytte maskinparken også om kveldane, kunne ein auke produksjonen monaleg. Jens Ekornes såg at det var ein verdfull, uutnytta arbeidskraft i dei heimeverande kvinnene. Mange av dei slo til på tilbodet om betalt industriarbeid. Då vart det slik at dei reiste på jobb med det same mannen kom inn dørene og kunne ta over barne- og kjøkkenstellet. Det vert fortalt at det på denne tida vart ein god vekst i antalet oppvaskmaskiner i heimane. Og det kan vel hende at det var ein og annan mannen som måtte kutte ut middagskvilda etter jobb når driftsansvaret i heimen vart lagt over på han, for nokre timar.

Trass i at ein del av arbeidslivet framleis verkar kjønnsdelt er det no kvinner i dei aller fleste yrke i Sykkylven. Vi finn kvinner bak spakane på anleggsmaskiner, ved fresen i trevarebedriftene og i nokre få sjefsstolar. Det er få som tvilar på at kvinner får til det dei vil, berre dei får sleppe til. Og det var altså kvinnene i konfeksjonsindustrien som viste veg – dei er blant industripionerane i Sykkylven.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar