Ekspedisjon "Finn sauen Margit" med Nicolay og Kari-Anne som frontfigurar. |
Sjølv om Kari-Anne trivest som museumsstyrar, landskapspleiar og kulturformidlar på Skotet, synest også ho at det kan vere godt å få skifte litt på utsikta med visse mellomrom. Enkelte helgar har ho hatt hjelp av avløysar som har teke seg av dyra medan ho sjølv har fått ei miljøforandring. Dette tilbodet står framleis ope: Viss det er nokon som vil ha ei uforgløymeleg helg i storfelt fjordnatur så står oppgåva som helgeavløysar ledig. Kari-Anne har ikkje noko stort vikarbudsjett. Løna ho kan tilby er naturoppleving saman med koselege dyr og overnatting i historiske omgjevnader.
Framleis er det nokre som ikkje kan forstå at det er nokon som kan tenke seg å bu på Ytste Skotet, mellom desse høyrer visst programskaparen Oddbjørn Bruaset. I alle fall er han og teamet hans er i ferd med å gjere opptak på fjellgarden for det siste programmet i serien "Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu." Kari-Anne ventar besøk av han kvar dag som helst. Det er berre veret som hindrar han i å kome. Godveret må på plass først. For Kari-Anne har det vore godver nesten i heile vinter. Denne vinteren har vore langt meir snøfattig og mild enn den førre vinteren. Då sleit ho litt meir; mellom anna fraus vassrøret slik at ho måtte til elva for å hente vatn i fleire månader. Men slikt venjer ein seg til, også at ho må ta ein tur ned i smia og setje i gang aggregatet som skapar straum kvar gong ho skal lade opp mobiltelefonen eller datamaskina. Den batteridrivne radioen er også god å ha. Ho held seg godt orientert om verdas skeive gang gjennom sin favorittkanal NRK P1. Elles er ho ikkje meir isolert enn at ho kan ta ein kjapp utflukt til næraste kolonialbutikk med "racerbåten" sin. Ho kan velje og vrake i butikkar, både i Ramstaddal, Stordal og Ørskog. Ofte går turen til Ørskog for der har ho også slekt ho kan vitje.
Slik går no dagan. Kanskje litt mindre stressande dagar enn dei fleste av oss andre lever. Men fritt for stress er det ikkje for Kari-Anne heller. Stressa vert ho først og fremst over alle oppgåvene som ventar og som ho enno ikkje har fått teke til med. Ho har hundremetervis med gjerde som skulle ha vore vølt. Tillaging av gjerdestaur er godt vinterarbeid. Ho har ei driftsbygning som skulle ha vore flikka på. For ikkje å snakke om alt kontorarbeidet som ein museumsstyrar, statistikk-, rapport- og søknadsansvarleg får lesst ned over seg. Ho trøyster seg med at det kjem ein dag i morgon, som rein og ubrukt står. Han står reinare på Ytste Skotet enn dei fleste andre stader, men han er garantert ikkje ubrukt når kvelden kjem.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar