Frøydis Høyland Svisdahl vil no gje skuleelevar på Sunnmøre ein smak av skulekvardagen for om lag hundre år sidan. |
Eg spør Frøydis kva dei legg i omgrepet Rett kunnskap til rett tid. - I det ligg det mellom anna at skulekvardagen kring 1910 er ganske annleis enn den elevane møter i skulen i dag. Vi ønskjer å gje elevane ei mest mogeleg autentisk oppleving av skuleundervisninga slik ho var for om lag hundre år sidan. Då var små skrivetavlar og griflar dei viktigaste arbeidsreiskapa for elevane. Det var ein annan disiplin i klassene då enn det er i dag. Det tok ikkje lang tid etter at klokka hadde ringt for time før elevane var i sving med skulearbeidet. Respekten for lærarautoriteten var nok større den gongen.
Frøydis fortel at det ikkje var alle foreldre som var like nøgde med at skulen tok så mykje av tida til borna. Tidlegare hadde borna ei viktig rolle i arbeidslivet på gardane. Dei var med å gjete og stelle dyra og å hauste avlingane. Når borna var på skulen vart det mindre høve til å hjelpe foreldra heime. Mange foreldre stilte spørsmål ved om det var nyttig kunnskap elevane henta på skulen.