lørdag 22. desember 2012

Gode ord, god mat - god jul!

Direktør ved Stiftinga Sunnmøre Museum, Ivar Gunnar Braaten, ønskte dei tilsette vel møtt til tradisjonell julelunsj 21. desember.
Siste arbeidsdagen før jul er det tradisjon for at dei tilsette i Stiftinga Sunnmøre Museum kjem saman til julelunsj. Tradisjonen er ikkje svært gammal, for i år er det ti år sidan Stiftinga kom til. At 10-årsmilepålen vart passert i 2012, gav direktør Ivar Gunnar Braaten høve til å summere opp nokre av erfaringane med konsolideringa. Han sa at det var nok av dei som i utgangspunktet var skeptiske, kanskje særleg museumsfolk som høyrde til andre regionar. - På Sunnmøre er det småkongar på kvart nes, de skal slite med å få desse til å underordne seg ei felles overbygning, vart det sagt. Men om ein ser bort frå ei utmelding, har den konsoliderte eininga stått prøvene. Samarbeidet har fungert, slo Ivar Braaten fast. Musea har greidd balansegangen med å fokusere både på det lokale og å samarbeide om prosjekt der det har vore naturleg.

Museumsdirektøren viste til fleire store prosjekt som har vore gjennomførte i året som har gått. Noko av det største, bokstaveleg tala, var opninga av båthallen som mellom anna gjev rom for Kvalsundskipet. Seinare på året var det opning av nytt fyrmuseum i Dalsfjorden. Elles er det opna for spennande museumsutvikling i Sykkylven etter at kommunestyret der gjekk inn for samlokalisering mellom Norsk Møbelfaglig Senter og Naturhistorisk Museum. Gledeleg var det også at ein kom fram til semje om eitt år til med vinterdrift på Ytste Skotet.
   I løpet av 2012 har det elles kome til tre nye medarbeidarar i Stiftinga, Grethe Sliper Helseth har blitt ny avdelingingsleiar på Volda bygdetun, Heidi Brunstad Øyehaug er tilsett som museumsstyrar på Brudavolltunet i Ørsta, medan Petter Ose har teke over styringa på Landbruksmuseet på Gjermundnes.
Det var Edvard Molvær som først tilsette Ivar Gunnar Braaten, som sivilarbeidar ved Aalesunds Museum. No er rollene bytta, og Ivar kunne takke sin direktør-forgjengar for innsatsen.

Nokre kjem, andre går. På julelunsjen vart tre personar takka for innsatsen sin i samband med at dei no forlet museet. Først ut var Yvonne Timmers. Nederlandske Yvonne ringde for nokre år sidan til museet og lurte på om dei hadde behov for hjelp. Det hadde museet, og sidan har Yvonne hjulpe til der det har vore behov, både med reingjering, i kantina, i museumbutikken og som språkkunnig guide.
  Fotokonservator Ragnar Albertsen får frå nyttår ny arbeidsgjevar når Interkommunalt Arkiv tek over vertsfunksjonen for Fylkesfotoarkivet. Ragnar var den første fylkesfotoarkivaren i Møre og Romsdal. Han hadde gått ein god skule i ein tilsvarende institusjon i Sogn og Fjordane då han i 1996 vart tilsett for å byggje opp Fylkesfotoarkivet. Det var ikkje sjølvsagt at fotoarkivet skulle liggje i Ålesund. Den første tida var det snakk om at det burde leggjast på Averøya for å få det plassert mest mogeleg midt i fylket. Resultatet vart likevel at Aalesunds Museum vart lokaliseringsstad. Ivar Braaten, som i 1996 var leiar ved Aalesunds Museum, fortalde at den første turen til fylkesfotoarkivaren gjekk til Rindal, heilt nord i fylket, for å vise at dette ikkje skulle bli eit sunnmørstiltak.

Så var det tid for å takke av ein av dei store nestorane i museumsmiljøet i Møre og Romsdal, ja i heile landet. Då Edvard Molvær kom til Sunnmøre Museum i 1978 hadde han allereie brei museumserfaring. I åra på Sunnmøre Museum har han vunne stor respekt som formidlar av den sunnmørske kulturarven. Han har vist særleg interesse for konservering av gjenstandar og Ivar Braaten trekte mellom anna fram den avgjerande rolla han spela i planlegginga det nye gjenstandsmagasinet i Borgundgavlen.
   Molvær har fartstid som styrar både ved Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum, og kunne avsløre at han to gonger har vore med å tilsette Ivar Gunnar Braaten. Direktøren overrekte eit måleri av Ørnulf Opdahl til den ferske pensjonisten, som nok også i åra framover vil pleie den omfattande historieinteressa si.
Styreleiar Ragna Dahl Grønnevet kunne summere opp eit godt driftsår for Stiftinga Sunnmøre Museum.

Styreleiar i Stiftinga Sunnmøre Museum, Ragna Dahl Grønnevet, avrunda julelunsjen med å takke alle dei tilsette og dei frivljuge for innsatsen. Ho sa at ho var imponert over all den aktiviteten dei får til på musea, også dei musea som berre har ein fast tilsett. Noko av formelen for å lukkast er samarbeid, sa ho. I eit større fellesskap kan vi nytte av kunnskapane og ressursane til kvarandre og få til store prosjekt også på mindre museum.
  Som tidlegare rådmann i Ålesund kommune er styreleiaren i Stiftinga Sunnmøre Museum van med å omgåast politikarar. Skal museet vinne fram i kampen om merksemd og offentlege midlar må vi vere der avgjerdene vert fatta, og Grønnevet signaliserte at ho ville prioritere dialog med det nye regionrådet på Sunnmøre. Her har dei ein ambisjon å styrke regionen som attraktivt bu- og arbeidsområde. I den samanheng står kultursatsing sentralt. Her har musea allereie vore med å leggje grunnlaget gjennom mange års verksemd, påpeika Ragna Dahl Grønnevet, før ho ønskte alle dei frammøte ei fredfull julehøgtid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar