|
Her er skiltet som fortel korleis du skal lage Hauleitegraut- om du har ein smarttelefon: Foto: Heidi Sletten. |
Museumsguiding via mobiltelefon er det nyaste innan museumsbransjen.
Volda bygdetun er ope for besøkande alle vekedagar, 24 timar i døgnet, men her er ikkje bemanning like lenge. Men har du ein mobiltelefon av den smarte typen treng ikkje hjelpa vere langt unna uansett når du kjem på besøk. På strategiske stader i tunområdet er det hengt opp laminerte visittkort. På korta er det trykt inn såkalla QR-koder. Ved å halde telefonen bort til koden får du fram på mobilskjermen opplysningar om likt og ulikt som har tilknytning til museet.
- Vi har kalla dette prosjektet iHusa, fortel avdelingsleiar ved bygdetunet, Heidi Thøni Sletten. - Gjennom å bruke QR-kodane kan du få informasjon om det som er inne i husa og tradisjonsstoff knytt til tunet. Dersom du nyttar kortet som står ved smia får du oppskriften på ekte Haualeitegraut, ein velsmakande byggmjølsgraut. Er du i nærheiten av utescena finn du eit anna skilt ved restane av det gamle lysthuset. Der kan du finne bilete av lysthuset slik det var i sine velmaktsdagar. I Kornbergstova budde det i si tid ein båtbyggar. Gjennom å nytte QR-koden kan du få sjå ein båt han bygde og få vite meir om båtbyggaren. I sengebuda finst der eit kongemonogram, etter Christian VII. På mobiltelefonen din kan du få opp eit flott bilete av mongrammet.
Heidi ser ikkje for seg at mobilguidinga skal erstatte den personlege visninga rundt i tun og hus. Men ho meiner det er viktig at musea prøver ut alternative formidlingsformer for å nå nye brukargrupper. Og så er det ikkje alle som kan vitje musea i opningstida. No kan Volda bygdetun tilby formidling heile døgnet takka vere smarte mobilløysingar.