Museumsvert Kari-Mette Aamelfot Tveit i arbeid i kafeteriaen. |
torsdag 19. mai 2011
Museumsopplevelser for hode og mage
Etiketter:
cruiseskip,
mat,
museumsvert,
totalopplevelse,
Ålesund
tirsdag 10. mai 2011
Museumsfolk også søndag
Museumsstyrar Frode Pilskog (t.h.) på arkeologiseminar, saman med medarrangør og ektefelle Gro Anita Bårdseth og arkeologane Søren Diinhof og Trond Linge. (Foto: Arnfinn Kjelland.) |
Spørsmålet om kva som skjuler seg under bakken vi går på, og vegane bilane våre rullar på, stod sentralt under samlinga. Det vil seie, det var eit heilt konkret vegprosjekt som vart sett under lupa; Kvivsvegen som skal binde saman Volda-regionen med indre Nordfjord. Ved slike offentlege vegprosjekt vert alltid arkeologane kopla inn på førehand. Dei skal undersøke grunnen i vegtrasseen for å sjå om her kan finnast spor som kan lære oss meir om korleis forfedrane våre levde. Gjennom slike utbyggingsundersøkingar har vi fått mykje ny kunnskap som elles ikkje hadde blitt leita fram. Så nye vegar kan vere godt for så mykje, vi kjem både raskare fram og vi får meir historisk innsikt. Framtidige køyrerturar gjennom Kvisvegen vert meir perspektivrike etter det vi fekk vite av arkeolog Trond Linge sist søndag. Linge, som er arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, viste tverrsnitt av grunnen frå der vegen skal gå. Snittet viste korleis jordbruket har vore drive gjennom hundreåra. Det nedste dyrkingslaget var 2400 år gammalt. Det vil seie at det budde jordbrukande folk inst i Austefjorden i yngre steinalder. Frå det nedste, skrinne laget såg vi korleis jordlaget vart feitare og fyldigare opp gjennom hundreåra. Jordsnittet fortalde m.a. om betre gjødsling og auka husdyrhald. I det undersøkte området var det også ein gravhaug. Det viste seg at folk på 600-tallet hadde nytta ei naturleg forhøying i landskapet som grav, truleg til ein person med ein viss rang i samfunnet. På Hjellbakke ved Nes var det funne groper og eldstader knytt til jernframstilling eller smiing i jernalderen.
Etiketter:
arkeologi,
jordlag,
Kvivsvegen,
Volda
tirsdag 3. mai 2011
Guri fortel om Herøy
Guri Aasen er noko så uvanleg som ein profesjonell historieforteljar. Eit kvart museum sin ønskjedraum er å ha ein slik ressurs i staben sin. Museumsdrift handlar jo om å fortelje historier og å formidle Historia. I år får Herøy Kystmuseum oppfylt draumen. Guri har fått eit vikariat ved museet, og ho blir i sommar ansvarleg for kontakta med dei besøkande og for utforminga av det pedagogiske opplegget. Saman med museumsstyrar Håvard Hatløy vil ho bidra til at dei som kjem til Herøy gard får opplevelingar både for sansar og intellekt.
Guri fortel at ho i desse dagar driv og førebur eit viking-opplegg for elevar i 6. klasse. "Ein dag i viking på Herøy gard" er den spennande tittelen på dette prosjektet som vil bli tilbode alle 6. klassingar i Herøy kommune. To dagar i juni, 9. og 10, er avsett til vikingtoktet. I løpet av desse to dagane skal elevane ha fått ein smak av livet på Herøya for om lag 1000 år sidan. Dei skal få vikingmat, skyte med pile og boge, rite runer og kappro på fjorden med vikingbåt, om veret er lageleg. Helga etter at skulane har fått si vikingoppleving vert det viking-kaupang for alle. Guri fortel at dei hadde det same tilbodet i fjor, og då var det tusen personar innom museet. Ho reknar med minst like mange i år. Herøy kystmuseum erfarer at det har blitt mykje meir folk på vitjing etter at Eiksunsambandet opna for nokre år sidan. Ein har no landfast samband med Volda-Ørsta- og Nordfjordregionen, og kan få dagsbesøk frå eit oppland med over 100000 innbyggjarar om ein også reknar Ålesunds-regionen inn.

Eiksund-sambandet,
forteljar,
Herøy gard,
Kapp det gode liv
Abonner på:
Innlegg (Atom)