Ingvill Naalsund viser elevane korleis dei skal tvinne reip. Jamne og rolege rørsler er viktig, og elevane tok poenget raskt. |
Dei tre museumsformidlarane understreker at dette nettopp er musea sitt særpreg, og musea sin styrke i formidlinga: Unge - og vaksne - lærer meir effektivt når dei får vere aktivt med i prosessar. Når teori vert gjort om til praktisk røynsle, og ein får lærdomen inn gjennom både hender og hovud.
Alle elevar i ålesundsområdet har truleg høyrt om hampetau, men få veit korleis slikt tau vert laga. Ingvill tok ei gruppe elevar frå Hatlane skule gjennom prosessen steg for steg. Alle elevane fekk prøve seg som repslagarar og fekk høyre, og røyne, kor viktig det var å gjennomføre repslaginga med seine og jamne rørsler. Taukvaliteten ville bli dårleg om ein tvinna dei tre taulengdene saman i rykk og napp. Vi let oss imponere over kor raskt elevane tok poenga, og kor jamt og fint tauet vart, på deira første forsøk.
Elevene fikk lære korleis segl og hengekøyer vart sydde. Og etterpå fekk dei prøve køyene. Dei fann raskt ut at her var ikkje mogeleg å liggje på magen! |
Håvard var saman med ei anna gruppe Hatlane-elevar som fekk prøve seg som syarar. Håvard ville ha dei til å reflektere over kva det er som gjer at seglbåtar kan gå opp mot vinden. Dei fekk sjå korleis dei vingeforma segla skaffar framdrift ved å suge opp vind. Det er seglsaumen som er avgjerande for kor effektivt seglet blir.
Etter at elevane hadde gjort seg ferdig med stasjonane inne i Fiskerimuseet, var det tid for byvandring. Ole M. tok med seg elevane ut i den friske ålesundslufta og stogga for kjappe byhistoriske glimt både ved fyret på Molja, blant jugendhusa ved Brosundet, ved Naftadjupet og museumshaugen, før byvandringa enda på Prestebrygga der bankskøyta er i ferd med å bli ferdigbygd. Elevane sette tydeleg pris på ein annleis skuledag. Og formidlarane skrytte av dei: Elevane som kjem hit er både snille og motiverte. Ja, det er kjekt på museum!
Ole M. Ellefsen fortalde elevane at om dei hadde levd for ca 150 år sidan hadde dei vore med koner som denne og gjere opp fisk. Tid til leksearbeid var det mindre av den gangen. |