|
Håvard Hatløy viser fram båtborda frå 1712 som no er monterte på ein vegg på Ishavsmuseet på Brandal. |
Få veit meir om den gamle sunnmørsbåten, snidbetningen, enn Håvard Hatløy på
Herøy kystmuseum. Men også han lærer stadig noko nytt om båttypen som berre var i bruk på Sunnmøre, og i eit visst omfang i Romsdalen. Lenge meinte ein at stordomstida til denne båttypen var på 1800-talet. Så oppdaga dei ein snidbetning som skriv seg tilbake til tidleg 1700-tall, og eit nytt kapittel kan skrivast i soga om snidbetningen.
Bakgrunnen for det oppsiktsvekkande funnet er denne: Eigaren av eit naust på Raffelneset i Hareid kommune avdekka nokre båtbord då han fjerna blikkplatene som hadde dekt båtborda frå tidleg i 1970-åra. Dette var kring år 2000. Så gjekk det nokre år utan at noko vidare skjedde. Det vart ikkje teke tak i dette før området der naustet stod vart regulert til industriområde, planeringsarbeidet tok til og gravemaskinane nærma seg naustet. Då gjekk gode krefter saman for å berge båtborda, og Håvard fekk det praktiske arbeidet med å ta ned borda og montere dei opp på ein vegg på Ishavsmuseet på Hareid.
|
Håvard Hatløy med ein modell av snidbetningen som båtbyggjaren Saxe Bjørkedal laga til då han var 90 år. Modellen er i storleiken 1:10. |