Handelsstaden var også eit kyrkjeleg sentrum og det var då rimeleg at det var bisp Peter av Borgund (Per Sæther) som fekk føre an i prosesjon som markerte opninga av festivalen. Han vart følgt av menneske i fargerike kostyme og musikarar med tidsriktige instrument. Prosesjonen stoppa i sentrum av stemneplassen der fylkeskultursjef, Heidi-Iren Wedlog Olsen, stod for den formelle opninga av festivalen. Bispen fekk så ordet for å gå gjennom nokre av dei aktivitetane små og store kunne vere med på dei to stemnedagane.
Eit av dei innslaga mange var spente på var hærkampen, det store slaget om Borgund, som herolden kalla det. Middelalderen var ei urolig tid, og dei fleste spørsmål og maktkampar vart den gongen avgjorde på slagmarka, ikkje rundt forhandlingsbordet. Slåssing er ikkje ufarleg, heller ikkje middelalderslåssing, så kamparenaen var reservert kynidge hærmenn og -kvinner. Dette er menneske som er levande opptekne av historie og som reiser rundt på slike festivalar for å vise korleis det kunne ha gått for seg i strid for 800 år sidan. Nokre kom frå Trøndelag, andre frå Bergen. Det var plass for nokre lokale stridsmenn også. Då kampen starta sprang dei fram mot fienden med høge rop og heva skjold og våpen. Det var tydeleg at det var litt psykologi med i spelet. Det var visst om å gjere å verke modig og handlekraftig slik at motstandaren skulle skjøne at det her var folk som kunne sine saker og ikkje var lette å skubbe seg på. Det såg ut til å vere ein jamn strid, men folk fall etter kvart ned på bakken, og til slutt så stod det berre ein soldat igjen på beina. Heldigvis var ikkje skadane verre enn at alle krigarane etter ei kort stund reiste seg igjen, og etter ei lita pause var kampen igang på nytt. På den tunge pustinga skjøna vi at dette er ein krevjande aktivitet. Ein av grunnane til det er at krigarane er tungt utrusta. Ein frå bispens hærflokk viste etter kampen fram utrustninga si. Det var ein mangelags tydrakt inst, ein ringrustning utapå, hjelm på hovudet og metallvern på knea. I tillegg hadde han både skjold og sverd.
Per Weddegjerde og Dagfinn Ullaland frå Sunnmøre Museum utfordra kvarandre til bogeskyttarduell. Per vann den jamne kampen. Bogeekspert Heidi Haugene følgjer spent med. |