Museumsstyrar ved Volda bygdetun, Grethe Sliper Helset, med ei kiste med spennande innhald. |
Men før ho dukkar ned i gamle dokument har Grethe andre planar. Som nytilsett museumsstyrar ved Volda bygdetun er det mykje å setje seg inn. Grethe er styrar for det museet på Sunnmøre som har flest bygningar, om ein ser bort frå modermuseet Sunnmøre Museum i Borgundgavlen. Ikkje nok med at ho skal sjå til alle dei tjue husa i sjølve museumstunet på Hauleitet. Grethe har også ansvaret for Garvarbuda, for Sivert Aarflot-museet på Ekset og for dei rekonstruerte bygningane i Elvadalen ved Volda sentrum. Heldigvis har ho museumshandverkar Reidar Humberset med på laget, men Grethe går ikkje av vegen for å traktere hammar og sag sjølv, og ta fatt på utbetringsarbeid der ho ser at det er nødvendig. Ein må vere allsidig i eit lite museum med knapp bemanning.
Grethe har laga til ein årsplan for museet som viser at det skal skje mykje i dei mange husa som ho rår over fram til sommaren. Det ho vil prioritere fremst no dei første vekene er opprydnings- og istandsettingsarbeid på Garvarbuda. For nokre år sidan hadde dei ein faglært garvar i sving her. Då dreiv dei eit levande museum i buda. Grethe vil undersøke om det er mogeleg å knytte til seg ein person som vil gå i lære i garvaryrket eller ein faglært garvar som kan ta i bruk produksjonsutstyret att. Etter det ho veit er dette eit av dei svært få garverianlegga i Norge som står klart til å takast i bruk. Det er synd om denne ressursen skal stå uverksam, meniner Grethe. Ho ser for seg at garvaren kan lage ymse skinnprodukt, til dømes skinnklede som dei kan selje og som dermed kan vere med å finansiere garveridrifta. Elles har ho innleia eit samarbeid med matlina ved Høgskulen i Volda om å bruke Garvarbuda til undervisning og arrangement. Til sommaren skal det vere opent for folk flest i buda, også i butikken der dei vil selje lokale varer, mellom anna kortreist og lokalprodusert mat. Ho syslar også med planar om ei sommarutstilling i Garvarbuda. Her vil ho invitere folk i ulike aldersgrupper til å kome med gjenstandar som var viktige i deira liv då dei var 16 år. Det har ikkje så mykje med garving å gjere, men det vil gjere museet relevant for fleire enn dei som normalt oppsøkjer det. Grethe er oppteken av å engasjere folk flest i museumsaktivitetane.