|
Ragnvald Holvik, t.v. og Dagfinn Ullaland, t.h. får gode ord av direktør Ivar Braaten for sin innsats som verneombod ved museet. |
Julelunsjen er ein tradisjon som vert sett pris på av noverande og tidlegare tilsette ved Sunnmøre Museum. Under årets julelunsj nytta direktør Ivar Gunnar Braaten høvet til å heidre nokre av dei tilsette som hadde gjort ein spesiell innsats, og ein nyslått pensjonist. Det er ikkje uvanleg at tilsette ved ei bedrift vegrar seg mot å ta på seg tillitsverv. Ved Sunnmøre Museum er vi heldige å ha mange ja-menneske. Av desse er Ragnvald Holvik og Dagfinn Ullaland. Nyleg takka dei for seg som verneombod ved museet, og overlet stafettpinnen til andre. Dei fekk gode ord og blomster med på vegen vidare. Braaten kunne fortelje at Ullaland har arbeidd ved museet sidan 1979. Det var ein annan person som først fekk tilbodet om stillinga som driftsleiar ved
Aalesunds Museum. Men då han vart vist leiligheita i Grimmergata 7 som følgde med stillinga, takka han nei. Der gjekk det ikkje an å bu. Dagfinn takk ja både til stilling og bustad, og sidan har han vore trufast mot museet, og altså bidratt til at arbeidsmiljøet til kollegaene har vore på stell.
Den nyslåtte pensjonisten som vart heidra var Reidun Wattø. Ho kom inn som økonomimedarbeidar ved Sunnmøre Museum like etter at konsolideringa var gjennomført i 2004. Då skulle ulike bedriftskulturar og sterke individualistar rundt om på Sunnmøre innordnast i eit felles økonomi- og rekneskapsopplegg. Reidun vart ein god læremeister for mange avdelingsleiarar som tidlegare hadde hatt lite erfaring med formelle bokføringsrutinar. Reidun gav seg ikkje før ting vart rett, og for det og mykje anna vart ho takka under julelunsjen.