Elevar i arbeid med å lage båt av ein tømmarstokk i Katavågen ved Borgundgavlen. |
Bladet er tradisjonelt i forma, og på dei første sidene får vi lese årsmeldinga til museumslaget og vi får vite når årsmøtet i laget skal vere. Men ein skal ikkje blade lenge i Gavlen før ein legg merke til at nye røyster no gjer seg sterkt gjeldande i museumsbransjen. Museet sin ansvarlege for nye digitiale media, Frøydis Høyland Svisdahl, har blitt medlem i redaksjonen, og den same Frøydis har ein informativ artikkel om museet si satsing på dei sosiale internettkanalane. Denne bloggen er eit av resultata av denne satsinga som har skaffa museet merksemd over det ganske land. I fagbladet Museumsnytt fekk Sunnmøre Museum nyleg heiderleg omtale for måten museet hadde samla "den sosiale medieverda" på heimesida. Frøydis fortel i artikkelen om dei ulike formidlingskanalane som er komne på plass. I tida framover vil det vise seg om ein når ut til mange menneske gjennom desse kanalane. Her er museet innstilt på tålmodig arbeid. "Rom vart ikkje bygd på ein dag."