mandag 1. august 2011

Slåttesøndag på Skotet

Kari-Anne Nilsen går inn i sin tredje sesong som styrar på Ytste Skotet. Ho har fått eit godt lag med riva.
Eg kjenner at uvante musklar har vore i bruk. Er uvanleg stiv i ganglaget, og trebolane i gropene mellom tommel og peikefinger avslører at fingrane mine vert mest brukte til å trykke på tastatur. Godt at vi har Skotet og styrar Kari-Anne Nilsen som byr på skikkeleg arbeid for kroppen - og balsam for sjela. I går var det slåttedugnad på museumsgarden Ytste Skotet. Det gjekk ikkje lang tid frå eg kom til gardstunet før eg fekk riva i handa. Graset på "neset" var slege dagen i førevegen. No skulle det snuast og leggast i skårer. Den gode naboen og slåttemannen, Idar Skotte, forklara kva det var å legge i skårer. Han forklarte sikkert godt, men det er likevel noko eige å få sjå det utført i praksis. Så eg var glad at gardsgutane, Edvard og Imram, vart med ned på neset for å hjelpe med vendinga.
   Sola var ikkje mykje framme denne dagen, men graset som var slått dagen før, var likevel forbausande tørt. Med vendinga og skårlegginga vår skulle det vere godt håp om at det kunne takast inn i løa dagen etter. Berre det no ikkje kom og regne!
   Det er dette som er Ytste Skotet. Levande historie- og biologiundervisning. Gjennom å få vere med på gardsarbeidet kan vi leve oss litt inn kvardagen til dei som levde på desse fjellgardane i Storfjorden for nokre generasjonar sidan. Vi skjøner kor viktig graset var, graset som skulle gje liv til mjølkekyr, hest og sauer gjennom ein langt vinter. Og vi anar fortvilinga dei måtte kjenne dersom det nesten tørre graset vart gjennombløytt av regn - som kunne vare i dagesvis.

Kari-Anne vonar på mykje tørt høy i løa. Tyder det på at ho har tenkt å bu på Ytste Skotet ein vinter til? Ja, ho reknar med det. Men ho skal altså ikkje bu her åleine. Ho har ein flokk på ca 25 sauer, høns og ikkje minst gardshunden Buster, som er høgtlydt til stades og melder frå om det som skjer på og kring tunet. Elles synest Kari-Anne at vintermånadane er gode å ha, for å finne fram til sin eigen rytme etter kavet som er på museumsgarden sommarmånadene. Då er ho omgjeve av menneske døgnet rundt. Ho er først opp og seinast i seng. Og i følgje sommarhjelp Edvard frå Steinkjer er ho ikkje så flink å delegere. Ho vil gjere det meste sjølv. Har vel kome i vanen med det. Difor tok ho tak i den tunge rømmegrautgryta og bar ho frå vedomnen i kjøkenet og inn i stova, sjølv om det stod fleire sterke arbeidskarar rundt henne. Kari-Anne er også sterk!

Idar Skotte syner korleis tørrhøyet skal berast inn i løda. Gardsgut Edvard Lund er berar. Tidlegare styrar ved Ytste Skotet, Ingvild Hansen Nystad, t.h. følgjer med.
Kari-Anne er styrar på Skotet og til vanleg styrer ho mest over seg sjølv. No nokre dagar i sommar er ho heldig å ha hjelp av unggutane Edvard frå Steinkjer og Imram frå Tsjetjenia. Imram fortel at han er van med å arbeide på gard frå heimlandet. Bestemor hans har gard, med sauer, høner og kyr, nett som på Skotet. Også hos bestemora raka han høyet saman i skårer for å få det tørt. Landbruk er eit internasjonalt språk.

Så var slåttesøndagen over. Vi kryssa fingre for at regnet måtte halde seg vekke nokre dagar. Det fortener Kari-Anne og dei gode hjelparane hennar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar