fredag 24. juni 2011

Kunnskap i fortid og notid

Frøydis Høyland Svisdahl vil no gje skuleelevar på Sunnmøre ein smak av skulekvardagen for om lag hundre år sidan. 
Rett kunnskap til rett tid, heiter eit nytt formidlingsprosjekt som nokre museum i Møre og Romsdal samarbeider om. Formidlingsansvarleg ved Sunnmøre Museum, Frøydis Høyland Svisdahl, er koordinator for prosjektet som tek sikte på å formidle livet i ei skulestove for om lag hundre år sidan. Det er elevar i 3. og 4. klasse som er målgruppa, og dette formidlingstilbodet er eit av elementa som ligg i den kulturelle skulesekken.

Eg spør Frøydis kva dei legg i omgrepet Rett kunnskap til rett tid. - I det ligg det mellom anna at skulekvardagen kring 1910 er ganske annleis enn den elevane møter i skulen i dag. Vi ønskjer å gje elevane ei mest mogeleg autentisk oppleving av skuleundervisninga slik ho var for om lag hundre år sidan. Då var små skrivetavlar og griflar dei viktigaste arbeidsreiskapa for elevane. Det var ein annan disiplin i klassene då enn det er i dag. Det tok ikkje lang tid etter at klokka hadde ringt for time før elevane var i sving med skulearbeidet. Respekten for lærarautoriteten var nok større den gongen.
   Frøydis fortel at det ikkje var alle foreldre som var like nøgde med at skulen tok så mykje av tida til borna. Tidlegare hadde borna ei viktig rolle i arbeidslivet på gardane. Dei var med å gjete og stelle dyra og å hauste avlingane. Når borna var på skulen vart det mindre høve til å hjelpe foreldra heime. Mange foreldre stilte spørsmål ved om det var nyttig kunnskap elevane henta på skulen.

Dei musea som er med på dette prosjektet er dei musea som har gamle skulehus i tuna sine. For Sunnmøre Museum gjeld det Godøy kystmuseum, Sunnmøre Museum i Borgundgavlen og Volda bygdetun. I tillegg er Vanylven kommune med. Slik vert opplegget presentert på prosjektet si nettside: "Ved hjelp av tidsriktige klede og autentiske omgjevnader, får elevar og lærarar ta ei reise til ein skulekvardag for om lag hundre år sidan. Ved hjelp av dramatisering, aktivitetar og dialog blir skulekvardagen fylt med song og bibelhistorier, lesing og skriving, rekning, lekamsøving og frikvarter med leik."

Frøydis vil gje ros til Møre og Romsdal fylkeskommune som har teke dette opplegget med i sitt kulturelle formidlingsopplegg som vert kalla Kultursekken. Det er Fylket som betaler reisepengar til skulane slik at dei kan ta turen til lokalmuseet sitt. Frøydis vonar at tilbodet kan utvidast i åra som kjem, men i første omgang vil dei prøve ut modellen med dei nemnde musea og tre museum på Nordmøre.

Ingvill Wille har full kontroll i skulestova på Sunnmøre Museum.
Så får vi vone at elevane greier å venje seg til skuledisiplinen anno 1910 slik at lærarane slepp å truge med bjørkeriset.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar