tirsdag 3. mai 2011

Guri fortel om Herøy

Guri Aasen er noko så uvanleg som ein profesjonell historieforteljar. Eit kvart museum sin ønskjedraum er å ha ein slik ressurs i staben sin. Museumsdrift handlar jo om å fortelje historier og å formidle Historia. I år får Herøy Kystmuseum oppfylt draumen. Guri har fått eit vikariat ved museet, og ho blir i sommar ansvarleg for kontakta med dei besøkande og for utforminga av det pedagogiske opplegget. Saman med museumsstyrar Håvard Hatløy vil ho bidra til at dei som kjem til Herøy gard får opplevelingar både for sansar og intellekt.

Guri fortel at ho i desse dagar driv og førebur eit viking-opplegg for elevar i 6. klasse. "Ein dag i viking på Herøy gard" er den spennande tittelen på dette prosjektet som vil bli tilbode alle 6. klassingar i Herøy kommune. To dagar i juni, 9. og 10,  er avsett til vikingtoktet. I løpet av desse to dagane skal elevane ha fått ein smak av livet på Herøya for om lag 1000 år sidan. Dei skal få vikingmat, skyte med pile og boge, rite runer og kappro på fjorden med vikingbåt, om veret er lageleg. Helga etter at skulane har fått si vikingoppleving vert det viking-kaupang for alle. Guri fortel at dei hadde det same tilbodet i fjor, og då var det tusen personar innom museet. Ho reknar med minst like mange i år. Herøy kystmuseum erfarer at det har blitt mykje meir folk på vitjing etter at Eiksunsambandet opna for nokre år sidan. Ein har no landfast samband med Volda-Ørsta- og Nordfjordregionen, og kan få dagsbesøk frå eit oppland med over 100000 innbyggjarar om ein også reknar Ålesunds-regionen inn.

Betringa på samferdslesida opnar for eit tettare samarbeid mellom kommunane og musea i området, seier Guri Aasen, og viser mellom anna til prosjektet "Kapp det gode liv." 11 kommunar på Søre Sunnmøre og Ytre Nordfjord, frå Stadt til Volda/Ørsta, har gått saman om å lage ei brosjyre der dei informerer om kulturelle opplevingar i dei forskjellige kommunane. På ein dagstur, eller ein helgatur, kan folk reise gjennom hundreåra og gjennom eit fascinerande geografisk landskap. Dei gode opplevingane ligg like utanfor stovedøra, ivrar forteljar Guri Aasen.

Ho står og trippar etter å få kome ut på tunet og fortelje om vikingtid, mellomalder og tidleg nytid. Herøy gard rommar mange hundre års fascinerande historie. Men først må ho gjere ferdig planleggingsarbeidet. Etter at vikingtoktet til 6.klassingane er ferdig førebudd, vil ho og Håvard, saman med Marit Moltu, gå vidare til eit formidlingsopplegg for 10. klassingane. Då går dei framover i soga og fortel om Herøy sin posisjon som kyrkje- og handelsstad i mellomalderen og på 16- og 1700-talet. Og for at dei framleis skal ha noko å fortelje om og vise til i åra framover må husa og kulturlandskapet haldast ved like. Når Håvard i sommar har fått Guri med på laget, får han sjølv høve til å bruke hammar og sag, slik at naust, eldhus og stabbur får ei fortjent ansiktsløfting. Men innimellom hammarslaga vil han nok slå seg i lag med Guri og dra ei og anna historie om gamle Herøy gard han også.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar