mandag 18. april 2011

Nytt frå Gavlen

Elevar i arbeid med å lage båt av ein tømmarstokk i Katavågen ved Borgundgavlen.
Borgundgavlen heiter området der Sunnmøre Museum ligg, på ei landtunge mellom Borgundfjorden og Nørvasundet. Difor er det ikkje meir enn rett og rimeleg at meldingsbladet til Sunnmøre Museum og Sunnmøre Museumslag heiter Gavlen. Det siste nummeret av Gavlen vart sendt ut til medlemene i museumslaget like før påske.
  Bladet er tradisjonelt i forma, og på dei første sidene får vi lese årsmeldinga til museumslaget og vi får vite når årsmøtet i laget skal vere. Men ein skal ikkje blade lenge i Gavlen før ein legg merke til at nye røyster no gjer seg sterkt gjeldande i museumsbransjen. Museet sin ansvarlege for nye digitiale media, Frøydis Høyland Svisdahl, har blitt medlem i redaksjonen, og den same Frøydis har ein informativ artikkel om museet si satsing på dei sosiale internettkanalane. Denne bloggen er eit av resultata av denne satsinga som har skaffa museet merksemd over det ganske land. I fagbladet Museumsnytt fekk Sunnmøre Museum nyleg heiderleg omtale for måten museet hadde samla "den sosiale medieverda" på heimesida. Frøydis fortel i artikkelen om dei ulike formidlingskanalane som er komne på plass. I tida framover vil det vise seg om ein når ut til mange menneske gjennom desse kanalane. Her er museet innstilt på tålmodig arbeid. "Rom vart ikkje bygd på ein dag."

Men framleis er det mange som vitjar museet fysisk, og på Gavlen sine midtsider vert det fortalt om noko av det publikum kan oppleve på museet i sommar og haust. Ei beresøyle i sommaraktivitetane er framleis aktivitetsdagane for born. Kvar onsdag frå 22. juni til 10. august kan små og store vandre frå post til post der dei mellom anna får prøve seg som snikkarar og arkeologar. Dei kan også få steike vikingbrød eller høyre på eventyr, og mykje meir. Søndag 21. august vert den store familiedagen, der museet lokkar med eit nyhende; presentasjon av tekniske vidundre, som vi både kan undre oss over og late oss imponere av. Den som vil halde seg orientert om dei mange aktivitetane på museet gjer klokt i å gå inn på museet sine heimesider, http://www.sunnmore.museum.no/ med visse mellomrom.

Museet har mange dyktige fagfolk, også på handverkssida. Desse er mellom anna opptekne av å ta vare på alle bygga som er plasserte rundt om på museumsområdet for å vise byggjeskikk og levemåte på Sunnmøre opp gjennom hundreåra. Museet har dei siste åra fokusert meir på nyare handverks- og industrihistorie. I Gavlen får vi mellom anna lese om Flydalssmia som vart ført opp på Emblem i 1937. Det var Iver L. Flydal som bygde smia for å skaffe seg ekstrainntekter i tillegg til gardsbruket. Han produserte ljåer,  i tillegg til at han reparerte landbruksreiskap og maskiner. No er smia, med alt utstyr, flytt til museet. Her skal skuleelevar og andre få sjå korleis smedane arbeidde for nokre tiår sidan. Smia er plassert i eit gateløp som inneheld både skomakarbu, krambu, bussgarasje og mekanisk verkstad. Med dette byggjer museet bru frå det gamle landbrukssamfunnet fram til dagens samfunn. Borgundgavlen er eit Sunnmøre i miniatyr. Har du lyst til å vere med å støtte det gode bevarings- og formidlingsarbeidet som vert drive her, er du velkomen som medlem i museumslaget. Du kan gjerne vere med på årsmøtet også, som er på Krogsætra 8.mai. Vil du vite meir, ta kontakt med museum@sunnmore.museum.no

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar