tirsdag 10. mai 2011

Museumsfolk også søndag

Museumsstyrar Frode  Pilskog (t.h.) på arkeologiseminar, saman med medarrangør og ektefelle Gro Anita Bårdseth og arkeologane Søren Diinhof og Trond Linge. (Foto: Arnfinn Kjelland.)
Museumsfolk har eit interessant yrke. Vi får sysle med nokre av dei mest grunnleggande spørsmåla i livet, som til dømes kvifor vart samfunnet vårt slik det er, kvifor ser kleda og husa våre ut slik dei gjer, og kva mon kan liggje under vegane som vi køyrer på? Slike viktige spørsmål legg ein ikkje vekk om det er laurdag eller søndag, så museumsfolk syslar gjerne med historiefag også på fritida. Slik som fyrmuseumsstyrar Frode Pilskog, som ikkje berre kan mykje om fyr, men som også har utdanning som arkeolog. Sist helg var han med å skipe til arkeologisk seminar i Volda. Med i arrangørstaben var også kona hans, Gro Anita Bårdseth, som også er arkeolog.

Spørsmålet om kva som skjuler seg under bakken vi går på, og vegane bilane våre rullar på, stod sentralt under samlinga. Det vil seie, det var eit heilt konkret vegprosjekt som vart sett under lupa; Kvivsvegen som skal binde saman Volda-regionen med indre Nordfjord. Ved slike offentlege vegprosjekt vert alltid arkeologane kopla inn på førehand. Dei skal undersøke grunnen i vegtrasseen for å sjå om her kan finnast spor som kan lære oss meir om korleis forfedrane våre levde. Gjennom slike utbyggingsundersøkingar har vi fått mykje ny kunnskap som elles ikkje hadde blitt leita fram. Så nye vegar kan vere godt for så mykje, vi kjem både raskare fram og vi får meir historisk innsikt. Framtidige køyrerturar gjennom Kvisvegen vert meir perspektivrike etter det vi fekk vite av arkeolog Trond Linge sist søndag. Linge, som er arkeolog i Møre og Romsdal fylkeskommune, viste tverrsnitt av grunnen frå der vegen skal gå. Snittet viste korleis jordbruket har vore drive gjennom hundreåra. Det nedste dyrkingslaget var 2400 år gammalt. Det vil seie at det budde jordbrukande folk inst i Austefjorden i yngre steinalder. Frå det nedste, skrinne laget såg vi korleis jordlaget vart feitare og fyldigare opp gjennom hundreåra. Jordsnittet fortalde m.a. om betre gjødsling og auka husdyrhald. I det undersøkte området var det også ein gravhaug. Det viste seg at folk på 600-tallet hadde nytta ei naturleg forhøying i landskapet som grav, truleg til ein person med ein viss rang i samfunnet. På Hjellbakke ved Nes var det funne groper og eldstader knytt til jernframstilling eller smiing i jernalderen.

Det er ikkje alt arkeologane finn som dei skjøner med det same. Trond Linge fortalde at det var funne fleire myrpinnar i utgravingsfeltet. Dette er pinnar med ein diameter om lag som hesjestaur. Dei funne pinnane var mykje kortare, men det kan vere fordi dei er avbrekte. Kvifor sat forfedrane våre pinnar i myrane? Ein teori er at dei laga snarer i desse våtområda for å fange fuglar. Somme stader har dei funne eit mønster av myrpinnar som kan tyde på at dei danna ei trakt som fuglane vart jaga inn i.

Snart er Kvivsvegtunnelen open for trafikk og bilane fyk forbi tun og historiske tufter i 80 kilometer i timen. Vi som har fått vite kva som ligg i grunnen får ei tilleggsoppleving til køyreturen. Vi veit at nett her vi no køyrer kroka forfedrane våre ryggen og hakka i jorda for å gje vekstvilkår til kornfrøa. På benkane under arkeologiseminaret sat fleire musumsfolk; Nils Håvik frå Austefjord Museum og Heidi Sletten frå Volda bygdetun. Denne søndagen fekk dei fylt på med informasjon som gjer at dei kan gje eit endå meir komplett bilete av Volda-soga til folk som vil trenge litt ned, under overflata. Slike folk som brukar søndagane til kunnskapspåfyll finn du på alle musea på Sunnmøre- og vidare. Ta ein tur på museum om du vil lodde djupare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar