tirsdag 5. april 2011

Lokalhistorie på nett

Heidi Sletten ved Volda bygdetun har sans for formidling av lokalhistorie på nettet.
Lokalhistoriewiki heiter ein relativt ny nettstad der ein kan finne stoff om norsk lokalhistorie. Vi sit på kontoret til museumsstyrar på Volda bygdetun, Heidi Thøni Sletten. Ho peiker begeistra på framsida til nettstaden der det ligg ute to artiklar frå Volda si nære forhistorie. Meir eksakt handlar artiklane om båt og fiskeri i Austefjorden. Her inne, inst i Voldsfjorden, finst det eit svært aktivt lokalhistorisk miljø rundt Austefjord Museumslag. I dette laget har dei samla inn mykje stoff om lokala fiskebåtar, fiskereiskapar, fiskemetodar og notlag mm. Med Lokalhistoriewiki har entusiastane fått ein verdsdekkande kanal for å formidle informasjonen og kunnskapen sin. Her ligg dei altså ute med informasjon om gamle båtar i Austefjorden, dette vert presentert saman med opplysningar om Eldorado kino i Oslo og rokkeringar frå Steinkjer, for å nemne noko. Alle samfunn har si lokalhistorie, og frå kontorbordet til museumsstyrar Heidi i Volda kan vi bla oss fram gjennom norgesgeografien frå nord til sør.

Noko av det bloggaren finn mest interessant er bileta som er tekne av modellane frå Årsetøysamlinga ved Austefjord Museum. To brør, Andreas og Knut Årsetøy, budde heile livet sitt på Årsetøya inst i Austefjorden. Noko av tida si brukte dei til å bygge opp detaljerte modellar av arbeidslivet i fjorden, til dømes fiskeria. Fotograf Ragnar Albertsen gjorde fotografiske opptak av samlinga  og han har verkeleg greidd å gje liv til modellane. Han har teke bilete frå ulike vinklar, nedanfrå, ovanfrå og frå sida slik at vi nærast kjenner at vi er med på arbeidet, at vi tek tak og dreg opp nøtene, og etterpå breier dei ut til tørk i nothenga.

Mellom informasjonen eldsjelene i Austefjord Museumslag har lagt ut på nettet er fakta om lokale båtar. Her kan vi til dømes følgje tresnekka Rolf, også kjend under namnet Uragavlen, frå ho vart bygd i 1931 og dei første åra i Askvoll, via krigsopplevingane, til ho hamna i eiga til Håvik Notlag i Austefjorden i 1951. Her var ho med på dei siste storfiskeria i fjordane i 1950-åra. Siste kastet frå MB Rolf skjedde i 1963. Heidi fortel at livssoga til Rolf er typisk. Då båtane var unge og friske, kava dei med storborene ytst på kysten. Når dei nærma seg pensjonsalderen og byrja å knirke i skroget, vart dei trekte inn i smulare farvatn inne i fjordane, som i Austefjorden.

Modell som viser gammalt notfiske i Austefjorden. Laga av Andreas Årsetøy.
Heidi er ikkje sjøvand, men har blitt fanga av entusiasmen til lokalhistorikarane inst i Voldsfjorden, og ho fortel at ho er blitt som ein prøvekanin for dei. Dei bruker å sende artiklar til henne for gjennomlesing. Viss ho skjøner dei, er dei klare for utlegging på nett. Så oppmodinga må vere; gå ut på nett og lat deg inspirere av di eiga lokalhistorie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar