lørdag 2. oktober 2010

Lære ved å gjere

Skuleelevar bygg grindhus ved Volda bygdetun
Dei sit og pustar ut etter tre hektiske dagar ved Volda Bygdetun, Norvald Øye og Heidi Sletten. - Dette er årets høgdepunkt, seier Norvald, sliten men nøgd. Og nøgde verkar også elevane ved Volda vidaregåande skule som forlet smia ved tunet etter å ha fått instruksjon av Reidar Humberset om korleis dei laga jarnreiskapar i det gamle voldasamfunnet.

Vi nyt restane av 40 liter  med byggmjølsgraut som Heidi har servert dei siste dagane. Når elevar skal lære om korleis forfedrane levde, må dei sjølsagt også få rette matopplevinga.

Styrar ved Volda bygdetun, Heidi Sletten, fortel at dette er tredje året at tre museum på Søre Sunnmøre går saman om å lage ein annleis skuledag for elevar i den vidaregåande skulen i Volda. Volda bygdetun, Brudavolltunet i Ørsta og Herøy kystmuseum er ansvarlege for opplegget saman med faglærarar ved Volda vidaregåande skule.
   Norvald og Heidi seier at opplegget har vore justert litt frå dei starta. Mellom anna har det vorte mindre prat og meir handling, fortel Norvald. Han startar sitt opplegg med å setje elevane inn i tida for det store hamskiftet, då pengehushaldet erstatta naturalhushaldet. I år gjekk dei nokså direkte på det matnyttige og let aktivitetane vere det sentrale i formidlinga. Det er røynsla deira at elevane lærer best når dei får røyne med eigne hender og eigne sansar. Den første aktiviteten var matnyttig nok: Ungdomane fekk vere med på ferdiggjering av eit saueslakt. Norvald var imponert over kor dyktige enkelte av elevane var på dette området. Nokre av gutane hadde vore med på jakt og gjort opp slakt før. Andre hadde lagt bak seg kokkeutdanning og visste godt korleis ein skulle gjere om ein heil dyreskrott til høvelege sauelår og ribbesider. Andre som ikkje hadde vore med på det før, fekk vite meir om kjøtet sin veg frå marka til butikkhyllene.

Heidi tok med elevane inn i ei av røykstovene. For mange var det ei ganske ny og annleis oppleving å tilbringe tid i ei daglegstove frå 16- 1700-talet. Røyken frå eldstaden låg frå taket og ned i hovudhøgde. Dersom ein skulle få puste greitt, måtte ein helst sitje. I dette miljøet levde dei store delar av vinteren. Det er ganske andre krav til inneklima i elevane sin skulekvardag i 2010.
Sunnmørsjekta på ein vindstille Voldsfjord med skuleelevar.
   Ein av dei mest populære aktivitetane er oppsetjing av eit grindbygg med ferdiglaga stokkar. I dag nøyer ikkje musea seg med å vise fram gamle bygg, dei vil ha dei besøkande til å føre opp bygga. Slike museumsbesøk vert hugsa.

Kanskje hugsar også elevane lunsjopplevinga. Bygggrauten vi fekk restane av er meir som festmat å rekne. Vassgrauten var kvardagsmaten. Det er byggmjøl blanda med vatn. Ein kunne bli mett, men elevane fekk erfare at det var stor forskjell på fest- og kvardagsmaten.

Etter matykta bar det ned til sjøen der Håvard Hatløy venta med sunnmørsjekta.  Her fekk elevane vite om dei ulike delane på segla, og korleis segla måte riggast for å gje framdrift. Det var vinden som avgjorde kor fort det skulle gå framover. Var det vindstille kunne det vere vanskeleg å kome fram i tide. Det var vanskeleg å halde avtalar på timen den gongen. På denne måten fekk elevane også røyne at tidsomgrepet var eit anna då forfedrane våre levde.

Ei kjensle av stoveliv på 1600-talet. Røyken ligg tjukk i rommet. Godt det er kort veg til utgangen.
Tanken bak slike opplegg er at elevane skal få historia inn med sansane, og prøve ut korleis det var å leve i desse bygdene for nokre hundre år sidan. Heidi og Norvald trur dei unge får ei litt anna forståing for omgrepa og teoriane i bøkene etter at dei har fått nokre historietimar i museumsrøynda. Dei har fått knaggar å henge den teoretiske kunnskapen på.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar