mandag 2. mars 2015

Eit nytt blad i båtsoga på Sunnmøre


Håvard Hatløy viser fram båtborda frå 1712 som no er monterte på ein vegg på Ishavsmuseet på Brandal.
Få veit meir om den gamle sunnmørsbåten, snidbetningen, enn Håvard Hatløy på Herøy kystmuseum. Men også han lærer stadig noko nytt om båttypen som berre var i bruk på Sunnmøre, og i eit visst omfang i Romsdalen. Lenge meinte ein at stordomstida til denne båttypen var på 1800-talet. Så oppdaga dei ein snidbetning som skriv seg tilbake til tidleg 1700-tall, og eit nytt kapittel kan skrivast i soga om snidbetningen.

Bakgrunnen for det oppsiktsvekkande funnet er denne: Eigaren av eit naust på Raffelneset i Hareid kommune avdekka nokre båtbord då han fjerna blikkplatene som hadde dekt båtborda frå tidleg i 1970-åra. Dette var kring år 2000. Så gjekk det nokre år utan at noko vidare skjedde. Det vart ikkje teke tak i dette før området der naustet stod vart regulert til industriområde, planeringsarbeidet tok til og gravemaskinane nærma seg naustet. Då gjekk gode krefter saman for å berge båtborda, og Håvard fekk det praktiske arbeidet med å ta ned borda og montere dei opp på ein vegg på Ishavsmuseet på Hareid.
Håvard Hatløy med ein modell av snidbetningen som båtbyggjaren Saxe Bjørkedal laga til då han var 90 år. Modellen er i storleiken 1:10.



Dette skjedde i 2013, og på det tidspunktet visste ein ikkje kor gamle båtborda var, og når båten vart brukt til fiskeri langs sunnmørskysten. I ein artikkel som Håvard Hatløy skreiv i tidsskriftet Syft og Skaut i 2013 spekulerte han i om snidbetningen, ein ottring, kunne ha vore i eiga til Andreas Landmark som var fut på Sunnmøre fram til 1838. Landmark hadde base i Brandal, og med tilbakeføringa av båtborda til Ishavsmuseet ville i så fall båten ha kome tilbake til opphavsstaden.

Dei levde i uvisse om alderen på båten til dei fekk svar på nokre materialprøver som vart sende inn til Universitetet i Trondheim for analyse. Av prøvene gjekk det fram at den nytta materialen vart hoggen året 1712. Ein fekk med det vite at snidbetningen også var ein 1700-talsbåt og mest truleg kan ein føre historia til denne båttypen enno lengre attende. Kanskje tilbake til tida då oppgangssagene vart introduserte på Sunnmøre, i andre halvdel av 1500-talet.



Håvard Hatløy viser fram ein illustrasjon av ein sunnmørsottring frå Hans Strøm sin Søndmørs Beskrivelse frå 1762. Strøm seier ikkje noko om korleis båten vart bygd. No veit vi at det vart bygd snidbetningar også på Strøm si tid.
Fredag i førre veke vart det kalla inn til pressekonferanse for å presentere funnet og dei nye kunnskapane det har gjeve oss. Pressemøtet skjedde på Ishavsmuseet og det var Hareid kommune som inviterte. Dei hadde henta inn Håvard Hatløy som ekspert og han gjekk gjennom snidbetingssoga så langt ein kjenner ho fram til i dag. Håvard forklarte mellom anna tydinga av ordet snidbetning. Snid tyder skrå, og betning skriv seg frå ordet - botnen. Snidbetning tyder altså ein skrå botn, noko som viser til den spesielle måten båtborda er skøytte i hop på på denne båttypen. Eit stykke framme i framskuten er borda skjerva, eller skøytte, ihop av skråskorne bord. Det er berre på Sunnmøre vi finn denne byggjemåten. Spørsmåla kom naturleg fram; kvifor gjorde dei det slik her? Håvard Hatløy hadde fleire forklaringsmodellar. Det kunne ha med materialtilgangen å gjere, at dei måtte nytte materialen effektivt, eller det kunne skuldast at fiskarane på Sunnmøre måtte langt ut for å fange fisken og få han trygt tilbake. Kanskje det hadde samanheng med ein ny sageteknikk som opppgangssaga introduserte? Ein av journalistene snappa opp den første forklaringa og lurte på om dette kunne ha med sunnmøringens kjende nøysemd og sparevilje å gjere: All material skulle brukast, også bordrestar som då kunne skøytast i hop etter som tilfanget var. Håvard Hatløy let seg ikkje lokke med på ein slik tabloid forklaringsmodell. Så journalistane måtte nøye seg med det som var hovudkonklusjonen etter dette nye båtfunnet: Snidbetningen er ein svært gammal båttype. Båtbyggjartradisjonane på Sunnmøre er lange og sunnmøringane har ikkje vore redde for å gå eigne vegar i båtkonstruksjonen. Slik er det samanheng mellom båtbyggjarane som stod bak ottringen på naustveggen på Raffelneset og konstruktørane av dagens Xbow-båtar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar