søndag 3. mars 2013

Nytt liv for Borgundkaupangen

I dette området skal dei nye formidlingsbygga for Borgundkaupangen førast opp. 
Sunnmøre Museum ligg i Borgundgavlen ved Katavågen og Klokkersundet. Det er ikkje tilfeldig at det vart lagt eit museum nettopp hit. Og det var ikkje berre fordi det her var god plass til å setje opp gamle hus frå kommunane på Sunnmøre. Nei, her, tett ved den nye Ålesundsbyen, var det for ca tusen år sidan ein handelsstad - ein kaupang -  og eit kyrkjesentrum som syda av liv og aktivitet. Dette er ikkje ny kunnskap for dei som kjenner litt til museet, og heilt frå 1978 har Sunnmøre Museum hatt eit formidlingsbygg som viser noko av det som er funne i den gamle kaupangen og den verksemda som har vore her. Men bygget er smålåte og yter ikkje rettferd til staden og den betydninga Borgundkaupangen hadde i mellomalderen.

Difor har museet no lansert planar om eit kraftig løft for mellomalderformidlinga si: Formidlingsbygget skal pussast heilt opp og utvidast, det skal lagast til ei kai og reisast ein kopi av eit av dei bygga som stod på denne staden for ca tusen år sidan. Regionskonservator og mellomalderhistorikar Jarle Sulebust er hovudarkitekt bak planane og den som kan mest om Borgundkaupangen. Han fortel at staten har ytt midlar til planlegginga og gjennomføring av startfasen i prosjektet. Museet definerer dette som ei av sine hovudsatsingar i samband med 1814-jubileet.

I den store sunnmørssoga, I balansepunktet, har Jarle Sulebust ein artikkel om formingsåra til Sunnmøre, frå 800-talet. Her viser han mellom anna kor sentralt Borgundkaupangen stod som handels- og administrasjonsstad i tidleg mellomalder. Det var hit fiskarane kom med fangstane sine for å selje dei til oppkjøparar som handsama dei og selde dei vidare. Frå 1100-talet står Borgund også fram som administrativt sentrum i rettsvesenet. Det vart halde fylkesting her, og i Borgund heldt kongens lokale representant, syslemannen, til. Truleg var det også bispesete på Borgund like etter at kristendomen vart innført her i landet. Det er då ikkje vanskeleg å skjøne at Jarle ivrar etter å få til noko meir her ved vågen enn det beskjedne formidlingshuset som ligg her i dag, og som ikkje er tilrettelagt for heilårsbruk.
Klokkersundet



Det er laga til eit presentasjonopplegg for prosjektet der museet viser med tekst og bilete korleis det vil ta seg ut når det står ferdig, vonleg innan 2016. Her står det mellom anna: "Gjennom utstillinga om Borgund vil vi gjere byen levande. Vi vil fortelje om byen og menneska som budde her, og om korleis deira samfunn, deira liv og gjerningar, var med å forme det Noreg som voks fram i mellomalderen. Vi vil fortelje om leia, om korleis Borgund vart ein møteplass for dei som budde på Sunnmøre og dei som fòr langs kystenForteljinga om pilgrimsleia vert ein viktig del av dette. Det vert ei forteljing om makt og ære, om stormannsætta på Giske, om hovdingar og klientar, om stormenn, handelsmenn og bønder.
Og i sentrum: Borgund som den første byen på Møre."

Eit viktig aspekt ved arbeidet framover vert å knyte miljøet ved Borgundkaupangen saman med den nye båthallen ved hovudbygget til museet. Her ligg Borgundknarren, ein båttype som vart nytta den tida kaupangen var på sitt mest aktive. Det vil gje ei heilt spesiell oppleving for turistar og andre museumsgjester når dei kan entre mellomalderbåten ved båthallen og runde museumsområdet sjøvegen og ende opp på mellomalderkaia ved den rekonstruerte årestova i kaupangen. Då vil dei nok kjenne susen frå soga på kroppen. Kanskje vil dei også vere så heldige at dei får ankre opp ein dag då det vert skipa til kaupangmaknad her. Realiseringa av ein mellomaldermarknad er også ein del av planane.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar