søndag 6. januar 2013

Ny styrar ved allsidig museum i Volda

Museumsstyrar ved Volda bygdetun, Grethe Sliper Helset,  med ei kiste med spennande innhald.
Kistegleder, vert det kalla, når ein grev i gamle saker og finn dokument eller gjenstandar som ein knapt ante eksisterte. Under opprydding på den 170 år gamle Garvarbuda i Volda gjorde nytilsett styrar ved Volda bygdetun, Grethe Sliper Helset, eit funn som fekk henne til å sperre augnene opp. Under nokre gamle huder fann ho ei kiste der det var brev og forretningsdokument frå 1840-åra. Dokumenta tilhøyde den første garvaren som dreiv i buda, frå 1838, Carl Rødset. Her fann dei brev frå ein kunde i Ålesund som betalte for eit parti huder med kvartsstein. Her var også brev frå kundar i London, noko som viser at dette var den første eksportbedrifta i Volda. Grethe, som er utdanna historikar, ser fram til å setje seg ned med dokumenta og gå grundigare gjennom dei. Kanskje kan det resultere i ein artikkel i neste "Voldaminne".

Men før ho dukkar ned i gamle dokument har Grethe andre planar. Som nytilsett museumsstyrar ved Volda bygdetun er det mykje å setje seg inn. Grethe er styrar for det museet på Sunnmøre som har flest bygningar, om ein ser bort frå modermuseet Sunnmøre Museum i Borgundgavlen. Ikkje nok med at ho skal sjå til alle dei tjue husa i sjølve museumstunet på Hauleitet. Grethe har også ansvaret for Garvarbuda, for Sivert Aarflot-museet på Ekset og for dei rekonstruerte bygningane i Elvadalen ved Volda sentrum. Heldigvis har ho museumshandverkar Reidar Humberset med på laget, men Grethe går ikkje av vegen for å traktere hammar og sag sjølv, og ta fatt på utbetringsarbeid der ho ser at det er nødvendig. Ein må vere allsidig i eit lite museum med knapp bemanning.

Grethe har laga til ein årsplan for museet som viser at det skal skje mykje i dei mange husa som ho rår over fram til sommaren. Det ho vil prioritere fremst no dei første vekene er opprydnings- og istandsettingsarbeid på Garvarbuda. For nokre år sidan hadde dei ein faglært garvar i sving her. Då dreiv dei eit levande museum i buda. Grethe vil undersøke om det er mogeleg å knytte til seg ein person som vil gå i lære i garvaryrket eller ein faglært garvar som kan ta i bruk produksjonsutstyret att. Etter det ho veit er dette eit av dei svært få garverianlegga i Norge som står klart til å takast i bruk. Det er synd om denne ressursen skal stå uverksam, meniner Grethe. Ho ser for seg at garvaren kan lage ymse skinnprodukt, til dømes skinnklede som dei kan selje og som dermed kan vere med å finansiere garveridrifta. Elles har ho innleia eit samarbeid med matlina ved Høgskulen i Volda om å bruke Garvarbuda til undervisning og arrangement. Til  sommaren skal det vere opent for folk flest i buda, også i butikken der dei vil selje lokale varer, mellom anna kortreist og lokalprodusert mat. Ho syslar også med planar om ei sommarutstilling i Garvarbuda. Her vil ho invitere folk i ulike aldersgrupper til å kome med gjenstandar som var viktige i deira liv då dei var 16 år. Det har ikkje så mykje med garving å gjere, men det vil gjere museet relevant for fleire enn dei som normalt oppsøkjer det. Grethe er oppteken av å engasjere folk flest i museumsaktivitetane.

Grethe Helset startar det nye året med ein ryddig kontorpult.
Grethe trur at matservering og arrangement er ein nøkkel for å fleire folk til å bruke museumstunet på Hauleitet også. Difor har ho teke kontakt med eit cateringfirma som dei vil samarbeide med slik at museet kan vere arrangementsstad for private samlingar som åremålsdagar, konfirmasjonar, bryllaup m.v. Dette får folk til museet slik at ein kan få formidla kulturarven museet forvaltar, i tillegg til at ein får inn gode driftsinntekter.

Styraren ved Volda bygdetun syslar også med planar om å skipe til kurs i samarbeid med det lokale husflidslaget. Ho ønskjer å ha tilbod både til born, unge og vaksne.

Grethe Sliper Helset kjem frå Trøndelag og har vore busett i Volda i fleire år. Ho er gift med ein volding med gardbrukarbakgrunn. Det kan kanskje vere nyttig når ho no har planar om å få i gang den gamle saga ved Storelva som renn frå Rotevatnet. Målet er å vise gangen i produksjonen som gjorde rundtømmer om til bygningsmaterialar. Sjølv om Grethe er historikar og godt kan setje seg ned med teoretiske avhandlingar, er ho tiltalt av museumsarbeidet. Ho liker variasjonen det gjev. Av og til grave i kistedokument frå 1840-åra, og av og til drive ut mott frå dragarar i snart 200 år gamle driftsbygningar. Slik vil Grethe gjerne ha det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar