tirsdag 4. september 2012

Frå steinalder til notid

Nyleg var Heidi Haugene på Godøy kystmuseum vertskap for styret i Stiftinga Sunnmøre Museum som  hadde eit møte på museet. Her er det Bjørn Nedreskodje og Christel Magnussen som får omvisning i losstova. (Foto: Eldar Høidal)
Det ville ha vore ei overdriving om vi sa at Godøy kystmuseum ligg like ved allfarvegen. Trafikken forbi museumstunet i Geilevikane er ikkje stor, men den som tek seg fram, t.d. frå Ålesund, gjennom to undersjøiske tunellar, ei bru og ein tunell til får stor løn for leitinga. Godøy kystmuseum er som ein forundringspakke med stadig nye lag. I dette museet kan du vandre frå steinalder til fram mot vår eiga tid, og det er stor sjans for at du får med deg ein entusiastisk museumsstyrar, Heidi Haugene, på vandringa.

Heidi er sjølv arkeolog og ho kan godt vere stolt over den nye arkeologiutstillinga som ein finn i kjellaren i houdbygget på museet, ei gammal skulebygning. Giske er kjent som eit fordums høvdingsete, og lenge før vikingtid var her velutvikla samfunn som hadde omfattande kontakt med verda utanfor. I arkeologiutstillinga viser museet fram kopiar av fornfunn som er gjorde i Giske kommune. Her finn vi mellom mykje anna betalingsmiddel i form av gullringar og mynt med bilete av ein romersk keisar. I år har Heidi fått laga til ei tidslinje som plasserer funnperiodane på Giske saman med parallelle hendingar i den store verda. Gjennom å knyte dei lokale funna til verdskjende hendingar og personar, som bygginga av den kinesiske muren, Nefertiti og Sokrates får ein illustrert at Giske var, og er ein del av verda, og at øysamfunnet ikkje var så isolert og tilbakeliggande som mange liker å tru. Tidslinja blir ført fram til slaget ved Hastings i England i 1066. Dette reknar ein som skiljepunktet mellom førhistorisk og historisk tid.

På Godøy kystmuseum kan vi følgje utviklinga vidare, gjennom fiskeriutstillinga som ligg vegg-i-vegg med "fortidsrommet." Heidi seier at mange av fiskereiskapane som er samla her også var i bruk både i førhistorisk og tidleg i historisk tid. Det gjeld til dømes søkkene. Dei har funne søkker som førte fiskekrokane ned i vatnet frå eldre steinalder. Også fiskekrokar har nordmenn brukt gjennom mange hundre år. I fiskeriutstillinga som fører utviklinga fram mot våre eigne dagar, står linefisket i fokus. Det er dette fisket som har vore Godøya sitt hovudfiskeri.



I øvste etasje i skulestova finn vi krigsutstillinga. Den er installert i bustaden til læraren som budde her. Her får vi høyre historia om læraren som gøymde vekk flyktningar under krigen. Kjøkkenet og stova er i stor mon bevart slik det var under krigen, dermed kjem dei besøkande tett inn på dei dramatiske hendingane. Heidi fortel at flyktningane måtte halde seg mest mogeleg i ro medan skuleborna fekk undervisning i etasjen under. Ingen måtte få mistanke om at det vart gøymt folk i bygget. Men av og til henta dei inn ei vaskekone som gjekk fram og tilbake over golvet og sjaua med vaskekost og sinkbøtte. Då kunne dei som elles gøymde seg i huset kome fram og strekke litt på beina.
Heidi Haugene lever seg inn i forteljinga om læraren som skjulte flyktningar  i Godøyskulen under krigen. (Foto: Eldar Høidal)

Heidi fortel at krigsutstillinga i sommar har fått ei oppgradering av lokalhistorikar Arne Tunheim. Tekstplansjane har fått nye rammer og det er kome til nokre nye rekvisittar.

Heidi er snar med å dele æra for dei innhaldsrike utstillingane med dei gode dugnadshjelparane sine. Arne Tunheim er ikkje åleine. Kvar tysdag kveld har ho besøk av fire karar som snikrar, ber og løftar. For eit par år sidan førte dei opp ei løe på museumstunet på dugnad. Tunet består elles av ei losstove og eit naust. Den neste hovudsatsinga i Geilevikane er å utvikle losutstillinga. Ved sida av arkeologien og fiskehistoria, er forteljinga om losane sitt virke noko av det mest særprega og spennande med Godøya. Øya låg midt i farleia for båtrafikken, og folket her visste korleis dei skulle ta seg trygt fram på båtkjøl. I dag er det andre kommunikasjonsmiddel som fraktar folk flest fram, og dei som rullar inn med firhjulingar på tunet til Heidi har mykje godt i vente.

















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar