søndag 18. desember 2011

Julelunsj med noko attåt

Ragnvald Holvik, t.v.  og Dagfinn Ullaland, t.h. får gode ord av direktør Ivar Braaten for sin innsats som verneombod ved museet.
Julelunsjen er ein tradisjon som vert sett pris på av noverande og tidlegare tilsette ved Sunnmøre Museum. Under årets julelunsj nytta direktør Ivar Gunnar Braaten høvet til å heidre nokre av dei tilsette som hadde gjort ein spesiell innsats, og ein nyslått pensjonist. Det er ikkje uvanleg at tilsette ved ei bedrift vegrar seg mot å ta på seg tillitsverv. Ved Sunnmøre Museum er vi heldige å ha mange ja-menneske. Av desse er Ragnvald Holvik og Dagfinn Ullaland. Nyleg takka dei for seg som verneombod ved museet, og overlet stafettpinnen til andre. Dei fekk gode ord og blomster med på vegen vidare. Braaten kunne fortelje at Ullaland har arbeidd ved museet sidan 1979. Det var ein annan person som først fekk tilbodet om stillinga som driftsleiar ved Aalesunds Museum. Men då han vart vist leiligheita i Grimmergata 7 som følgde med stillinga, takka han nei. Der gjekk det ikkje an å bu. Dagfinn takk ja både til stilling og bustad, og sidan har han vore trufast mot museet, og altså bidratt til at arbeidsmiljøet til kollegaene har vore på stell.

Den nyslåtte pensjonisten som vart heidra var Reidun Wattø. Ho kom inn som økonomimedarbeidar ved Sunnmøre Museum like etter at konsolideringa var gjennomført i 2004. Då skulle ulike bedriftskulturar og sterke individualistar rundt om på Sunnmøre innordnast i eit felles økonomi- og rekneskapsopplegg. Reidun vart ein god læremeister for mange avdelingsleiarar som tidlegare hadde hatt lite erfaring med formelle bokføringsrutinar. Reidun gav seg ikkje før ting vart rett, og for det og mykje anna vart ho takka under julelunsjen.

Styreleiar ved Sunnmøre Museum er tidlegare Ålesunds-rådmann Ragna Dahl Grønnevet. Etter at tilsette og pensjonistar hadde metta seg med den varierte menyen på koldtbordet, slo ho i glaset og tok forsamlinga med på nokre tankar om framtida til museet. Dahl Grønnevet sa at Stiftinga Sunnmøre Museum har valt ein desentralisert struktur med mange mindre museum i fleire av sunnmørskommunane. Det gjev sterk lokal tilknytning og utløyser lokalt engasjement som ein ikkje ville ha sett om alt var samla i ei eller få større einingar. At vi har fleire mindre museum betyr ikkje at vi skal vere oss sjølve nok, påpeika styreleiaren. Styret vil ikkje leggje seg bort i den daglege museumsdrifta, men ho lova at dei ville vere ein aktiv medspelar når det gjaldt å leggje til rette for samarbeidsprosjekt der ein kunne få til enkelte større satsingar som fekk fram sunnmørshistoria på ein måte som vart lagt merke til. Direktør Ivar Braaten følgde opp og peika på det store 1814-jubileet som berre ligg eit par år foran oss. Ei viktig oppgåve for Sunnmøre Museum i dei komande månadene vert å leggje eit godt grunnlag for ei verdig 1814-markering på Sunnmøre.
Med mange trufaste og innsatsviljuge medarbeidarar på laget har vi god tru på at det skal kome på plass. Men først vert det altså ei velfortjent juleferie.
God jul til alle museumsvener:-)
God mat og vektige ord vart servert ved den årvissse julelunsjen ved Sunnmøre Museum. Registrator Stig Drevik t.h.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar