lørdag 19. juni 2010

Museet ved sjøkrysset

Det er skikkeleg historisk sus over Herøy kystmuseum. Det er barnelærdom at det var sjøen som var den viktigaste ferdsleåra for folk i gamle dagar. Og tidleg i den norske historia budde dei fleste menneska langs kysten, og vegen nordover, Nordvegr, var kystleia. Etter det krevjande Stadhavet gav Herøy lun hamn og sjans for kvile og bunkring, før ferda gjekk vidare, nordover.

Det er Herøy si strategiske plassering som er utgangspunktet for dei rike og dramatiske hendingane som kan knytast til staden. Vi treff museumsstyrar Håvard Hatløy med øksa i handa i den gamle sjøbuda frå 1770-åra. Sjølv om han er travelt oppteken med ei omfattande restaurering, tek han seg gjerne tid til fortelje oss om staden si historie.


Herøy er ei lita øy som det ikkje tek mange minutt å gå tvers over. Øya har seinare gjeve namn til heile kommunen. Ho er nemnt fleire gonger i dei gamle sagaskriftene: Då jomsvikingane kom nordom Stad i 986 med hæren sin, la dei først inn til Herøy. Olav Haraldson, seinare Heilag-Olav, låg ved Herøy med skipa sine i 1027. Her møtte han ransmannen og vikingen Karl Mørske som tilbaud seg å vere kongens mann og reise til Færøyane å krevje inn skatt. Nett denne historia er det mange som vil kjenne att, for ho er noko av utgangspunktet for sogespelet Kongens ring, eller Herøyspelet, som går av stabelen på spelplassen ved Herøy gard kvar sommar. Håvard og museet er ikkje direkte involvert i sogespelet, men den sjøbuda han no driv og restaurerar vert nytta både til kostymelager og "smin
 kestudio" under speldagane, som i år vert 2., 3. og 4. juli. Håvard har sjølsagt ingenting imot den blesten og omtalen det årlege sogespelet gjev øya og Herøy gard, sjølv om det historiske innhaldet i Herøyspelet ikkje fullt ut vil stå seg for vitskapleg gransking. Men som han seier; - Folk får vite at det er mykje som har skjedd her på Herøy. Dei får eit innblikk i kor viktig sjøvegen var for både kongar og vanlege folk før i tida. Det skaper større interesse for det vi elles kan formidle her ved museet.

For Håvard sluttar ikkje forteljinga ved Olav den heilage sine tre besøk til Herøy. Etter vikingtida vart Herøy ein sentral kyrkjestad på Sunnmøre. Herøy kyrkje var ei av fire hovudkyrkjer på Sunnmøre. Her er også funne spor etter det ein meiner er eit gammal kloster. Dei første prestane var ikkje berre åndelege leiarar, dei sysla også med timelege ting som handel. Det gjorde at staden fekk ein viktig posisjon også etter at kyrkjestaden kring 1761 vart flytta til Stokksund. Då fekk Herøy gard status som handelsstad. Slik var det fram til 1916.

Den rike og langstrekte historia til Herøy - som vegkryss, kyrkjestad og handelsplass, gjev også gode sjansar til variasjon i formidlinga for museet. Eit av høgdepunkta så langt i år var vikingkaupangen som over tusen personar vitja i slutten av mai. Då hadde museet alliert seg med Møre Frie Vikingar som rigga til ein leir for å vise korleis folk levde i vikingtida. Her var det koking av mat i groper, fletting av snorer, utforming av smykke, laging av pil og boger med meir.
   Herøy Kystmuseum har vore heldig og hatt Marit Moltu som medarbeidar og formidlar nokre år. Ho har mellom anna laga eit opplegg som fører dei besøkande inn i den mentale brytninga våre forfedre opplevde i overgangen mellom vikingtid og kristentid. På museet har dei ein steinkjellar som er omgjort til eit sakralt rom. Her vert dei besøkande inviterte til å setje seg ned og reflektere over korleis dei nykristne vikingane strevde med å tilpasse seg ein ny mentalitet.

Museet har ope i heile sommar. Håvard fortel at dei har gjester frå mange land. Dei kjem ofte ein og ein, eller i mindre grupper. Det gjer at dei tilsette kan gje dei som kjem god oppfølgjing. - Det er ikkje uvanleg at vi set oss ned etter ei timeslang museumsvandring og pratar vidare over ein kopp kaffi, seier Håvard. Sjølv om både han og dei andre som har med museet å gjere, har flusst av oppgåver som venter, prioriteter dei den munnlege formidlinga. Og når dei kan ause av ei slik rik kjelde som den vi finn på Herøy gard, skulle dei ikkje sleppe opp for historier med det første.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar