torsdag 10. juni 2010

Gode venner

Noko av det eg likar best ved Stiftinga Sunnmøre Museum er at eg har fått så mange nye venner! Før museet eg har vore med å drive, Norsk Møbelfaglig Senter, kom med i den nye eininga i 2004, var vi i det daglege henvist til oss sjølve. Det mangla ikkje på arbeidsoppgåver, men arbeidsfellesskapen var svært avgrensa for oss som heldt til i einmannsmuseum.
   No er det så mykje likare. Treng vi hjelp med ei utstilling eller med ein aktivitet så er det berre å ringe ein venn. Vi vert ikkje millionærar ved å ringe til vennene våre, men vi får utretta så mykje meir enn før, og så får musea våre stadig nye venner fordi vi kan vere meir utoverretta og ha fleire aktivitetar.
  Sjå berre kva dei får til i Sykkylven i helga. Då går dei årvisse Sykkylvsdagane i kommunesenteret Aure av stabelen. På grasbøane like ved sentrumskjerna er det funne spor etter busetnad mange tusen år tilbake. Arkeologane trivst godt på Auremarkane. Det gjer også Stiftinga Sunnmøre Museum sin eigen arkeolog, Heidi Haugene. Til dagleg er ho leiar ved Godøy Kystmuseum, men då dei ringde frå Sykkylven for å få Heidi med på formidlinga av jarnalderfunna på Aure, var det ikkje nei i hennar munn. Ho allierte seg med leiarane ved dei to musea i Sykkylven, Naturhistorisk Museum og Norsk Møbelfaglig Senter, og dei vart gjerne med for å løfte fram den historiske arven i kommunesenteret i Sykkylven. Det var truleg lite møbelproduksjon i Sykkylven i jarnalderen, men museumsvenner held ikkje så hardt på revira sine. Dei veit at ei teneste eine vegen ofte gjev resultat tilbake. Difor sit Magnhild ved naturhistorisk i helga og steikar fisk på treheller, medan møbelfaglege Kjetil rettleiar i lærposesying og runeskriving.
  Slike fellesprosjekt er det mange av i den nye Stiftinga. Venner er gode å ha:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar