lørdag 31. mai 2014

Middelaldersus i Borgundkaupangen

Tungt rusta hærmenn i kamp. Til venstre med ryggen til, styrar ved Landbruksmuseet, Petter Ose. Vidare ser vi ein av bispens stridsmenn med nettingrustning som gav effektivt vern mot sverd- og økseslag, men ikkje mot pilar.
For om lag 800 år sidan var Borgundkaupangen den største handelsstaden mellom Bergen og Trondheim. Det var torsken i havet som la grunnlaget for busetnad og handelsverksemd. Hit kom bøndene frå fjordane og frå kysten med turrfisken sin som vart omsett for klingande mynt og varer. Dagane 31.5 og 1.6 vart noko av livet i den gamle handelsstaden gjenskapt. Gjennom Sunnmøre Middelalderfestival ville Sunnmøre Museum gje dei besøkande ei reise tilbake gjennom hundreåra til midten av 1200-talet då Borgundkaupangen var på sitt mest aktive.

Handelsstaden var også eit kyrkjeleg sentrum og det var då rimeleg at det var bisp Peter av Borgund (Per Sæther) som fekk føre an i prosesjon som markerte opninga av festivalen. Han vart følgt av menneske i fargerike kostyme og musikarar med tidsriktige instrument. Prosesjonen stoppa i sentrum av stemneplassen der fylkeskultursjef, Heidi-Iren Wedlog Olsen, stod for den formelle opninga av festivalen. Bispen fekk så ordet for å gå gjennom nokre av dei aktivitetane små og store kunne vere med på dei to stemnedagane.

Eit av dei innslaga mange var spente på var hærkampen, det store slaget om Borgund, som herolden kalla det. Middelalderen var ei urolig tid, og dei fleste spørsmål og maktkampar vart den gongen avgjorde på slagmarka, ikkje rundt forhandlingsbordet. Slåssing er ikkje ufarleg, heller ikkje middelalderslåssing, så kamparenaen var reservert kynidge hærmenn og -kvinner. Dette er menneske som er levande opptekne av historie og som reiser rundt på slike festivalar for å vise korleis det kunne ha gått for seg i strid for 800 år sidan. Nokre kom frå Trøndelag, andre frå Bergen. Det var plass for nokre lokale stridsmenn også. Då kampen starta sprang dei fram mot fienden med høge rop og heva  skjold og våpen. Det var tydeleg at det var litt psykologi med i spelet. Det var visst om å gjere å verke modig og handlekraftig slik at motstandaren skulle skjøne at det her var folk som kunne sine saker og ikkje var lette å skubbe seg på. Det såg ut til å vere ein jamn strid, men folk fall etter kvart ned på bakken, og til slutt så stod det berre ein soldat igjen på beina. Heldigvis var ikkje skadane verre enn at alle krigarane etter ei kort stund reiste seg igjen, og etter ei lita pause var kampen igang på nytt. På den tunge pustinga skjøna vi at dette er ein krevjande aktivitet. Ein av grunnane til det er at krigarane er tungt utrusta. Ein frå bispens hærflokk viste etter kampen fram utrustninga si. Det var ein mangelags tydrakt inst, ein ringrustning utapå, hjelm på hovudet og metallvern på knea. I tillegg hadde han både skjold og sverd.
Per Weddegjerde og Dagfinn Ullaland frå Sunnmøre Museum utfordra kvarandre til bogeskyttarduell. Per vann den jamne kampen. Bogeekspert Heidi Haugene følgjer spent med.



Her var fredlegare aktivitetar også. Tone Anda hadde hausta inn frå urtehagen og kunne tilby urteblandingar både for behandling  av opne sår og hovudverk. På nabobordet vart det servert smaksprøver på heimebrygga mjød med ulike styrkegrader. Over grillen hang ein godt oppvarma gris, som vart tilbereidd på beste vis av lokale meisterkokkar. Kjøtet vart servert med kålrot og salatar som tilbehør, men ikkje poteter. Potetene var ikkje i vanleg bruk på våre kantar før langt ut på 1800-talet.

Arrangørane hadde lagt særleg vinn på at borna skulle få utfalde seg på festivalen. Heidi Haugene var i full sving med å instruere born i bogeskyting, Ragnvald Holvik inviterte til båtlaging, her var både prinsesseskule og ridderskule, skrivestove og eventyrtelt. Spennnande, men også litt skummelt var det å la seg låse inn i gapestokken.
"Kva gale har du gjort," vart denne jenta spurt. Sikkert ikkje så mykje, men det var greitt å få prøve gapestokken likevel.

Festivalområdet hadde eit sterkt internasjonalt preg. Mange av dei telta som kransa stemneplassen tilhøyrde utlendingar som har gjort det til eit levebrød å selje middelaldereffektar og formidle middelalderhistorie. Dei hadde ikkje mindre å fare med av kunnskap og middelaldareffektar museet sine eigne tilsette. Nokre viste korleis ein farga klede i middelalderen, Håvard Hatløy baud fram heimelaga saudeskinnspelsar og sjølvaste middelaldersjefen, Jarle Sulebust, gav innføring i gamal skriftkunst.

Etter publikumsoppslutninga å døme er folk flest nysgjerrige på fortida. Og fortida formidla på så levande vis som dette appellerer tydelegvis svært breidt. Arrangørane reknar med at middelalderfestivalen er komen for å bli. Og i tida framover skal Sunnmøre Museum sette inn store ressursar for å styrke middelalderformidlinga gjennom ei ny, fast utstilling.

Middelalderhistorikar Jarle Sulebust instruerer i gammal "skjønnskrift". 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar