onsdag 27. juni 2012

2014-markering

Musea og arkiva i Møre og Romsdal vonar på breidt engasjement  når dei  no skal i gang med eit internettbasert prosjekt for å markere at det i 2014 er 200 år sidan kongeriket Noreg fekk grunnlova si. Folk flest sluttar opp om demokratiet vårt, noko som mellom anna vart prova under dei store mobiliseringane etter 22. juli-åtaket i fjor.
Musea er gode på jubileum, og dei bør helst vere det, for er det noko som høyrer til museumsfaget så må det vel vere å markere store hendingar i fortida. Mellom anna difor har organisasjonen Musea i Møre og Romsdal (MIMR) teke initiativet til ei markering av 200-årsjubileet til Eidsvoll-grunnlova. Planlegginga er allereie komen godt i gang, og denne bloggaren var sist måndag med på eit møte der hovedlinjene for 2014-markeringa i Møre og Romsdal vart trekte opp. Og bloggaren kjende seg med ein gong på heimebane, for kva er vel meir naturleg enn å gjennomføre ei slik markering på Internettet gjennom bloggar. Slik vert det. Arbeidsgruppa som har sysla med desse jubileumsplanane ei tid, har vore innom fleire mogelege markeringsformer, til dømes ei ordinær, ambulerande museumsutstilling og ei meir tradisjonell nettutstilling der tekstane skulle ligge klare til bruk og der ein kunne lese seg gjennom lag på lag med historisk informasjon. Men så forkasta ein altså desse alternativa og gjekk rett på det enklaste av det enke, ei bloggmarkering!

Det gode med bloggar er at dei ligg der rett for handa, tilgjengelege å bruke for alle, berre ein har nett-tilgang. I dag har mange menneske rundt om i verda skaffa seg sin eigen talarstol gjennom bloggane sine. Bloggar er formidlarar av det frie ordet, frykta av autoritære makthavarar rundt om, men bloggar kan gje håp for dei undertrykte om at dei kan bli høyrde og kanskje vinne fridomen sin til slutt. Slik vi greidde det i 1814 og i åra etter då vi fann plassen vår mellom dei sjølvstendige nasjonane.

Korleis skal så 2014-bloggen organiserast?
Tanken er at fagpersonar som er knytte til dei deltakande institusjonane: museum, bibliotek og arkiv i fylket skal legge ut bloggar om relevante tema. Og kva kan det vere? Konservator ved Romsdalsmuseet Mads Langnes kom med eitt døme. Frå Romsdals Amt var Hr. Stub ein av Eidsvollsmennene. Han kom frå Veøya, ein stad der Romsdalsmuseet i dag har ein eigedom. Då vil det vere naturleg å fortelje nærare om han Stub. Kven var han, kva var det som gjorde at nettopp han representerte romsdalingane i Eidsvoll? Sette han spor etter seg der? Slik kan ein få vite noko både om sosiale og politiske tilhøve i regionen rundt 1814, og om korleis vår eiga grunnlov vart arbeidd fram.



Hovudmålgruppa for 1814/2014-bloggen er elevar i den vidaregåande skulen. Det er meininga at dei også skal bli aktive deltakarar i bloggprosjektet. Vi vil utfordre dei til å leggje ut eigne bidrag med historisk innhald, det kan vere tekstar, film, lydsnuttar der dei tek opp tema som dei finn i eigen region. Fylkesfotoarkivar Stina Aadland Jensen fortalde at ho hadde blitt kontakta av vidaregåandeelevar som tilbaud seg å lage ei oversikt over tilgjengeleg fotodokumentasjon i Ålesund. Vi er ikkje i tvil om at unge menneske kan hjelpe oss som er eldre til å sjå på historiske kjelder på nye måtar, så i prosjektet ser vi med spenning fram til alt vi kan lære om regionen gjennom 2014-bloggen.

Det er meininga at bloggen skal setjast i gang i løpet av hausten 2013. Heller ikkje det året er utan jubileum. Då kan vi feire at det er 100 år sidan kvinnene fekk full stemmerett i Norge. Dette temaet kan vere ein god opptakt til 2014-bloggen til musea, arkiva og fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.  Redaktørar for bloggen vert Jan Aakvik ved Kulturnett Møre og Romsdal og Katrine Solberg ved Fylkesbiblioteket.

1 kommentar:

  1. Kjempe bra med en museums blogg! Blir spennende å se hvordan 2014 prosjektet utvikler seg.

    EWian

    SvarSlett