tirsdag 13. juli 2010

Køye i høye`

Ytste Skotet er ikkje heilt som andre museum. Det er det einaste museet på Sunnmøre som tilbyr gjestane sine overnatting. Vi kan vel knappast snakke om hotellstandard i senger og rom, men vi er likevel sikre på at kvaliteten på nattesvevnen er minst like god på Ytste Skotet som i dei beste suitar på Hotel Plaza i Oslo. Og det er jo det som tel.

Museumsstyrar og altmulegkvinne på museumsgarden, Kari-Anne Nilsen, kan tilby eit assortert utval i senger og liggeunderlag. Til stabburet er det nyleg investert i 17 madrassar av beste kvalitet. Dei er plasserte på golvet og gjev eit stødig underlag for dei kvilande. Meir luftig er det nok i låven der folk kan få ligge i høyet om dei lystar. Mange har gode barndomsminne frå leik og andre aktivitetar i høyet og ønskjer å fange desse barndomsopplevingane på nytt. Elles er det både born og vaksne som ber om å få ta med seg soveposen i høystålet.

Men folk kjem ikkje først og fremst til Ytste Skotet for å sove. Kari-Anne fortel at alle som kjem, og som vil, får ta del i det arbeidet som skjer på garden. Når vi snakkar med henne er tunet fullt av unge ålesundarar som har nokre feriedagar på denne frodige fjellhylla i Storfjorden. Denne dagen skal dei få vere med å tove eit teppe og dei skal få dra på skogen for å finne emne til ei takrenne. Då må dei sjå etter ospetre, for slike toler godt rennande vatn. Dei må også finne høvelege einer som kan gje krokar til å henge takrenna på. Prosessen med å lage ei takrenne går kort fortalt ut på å barke ospa først, og så kappe til to jamne fjøler som vert sette saman til ei renne. Takrenna som dei har i dag, har vart i tjue år og leier framleis vatnet slik ho skal. Så ei levetid på mellom tjue og tretti år kan ein vel vone på også for takrenna som vert laga denne dagen.

Det storarbeidet som no står føre på Ytste Skotet er slåtten. Her oppe slår dei ikkje like tidleg som andre stader. Det er ikkje først og fremst fordi her er seinare vår, men fordi dei vil at blomstrane skal blomstre før dei vert slegne. Markane på fjellgarden vert ikkje slått først og fremst for å skaffe fòr, men for at landskapet skal pleiast. Ved Ytste Skotet har dei fått pengemidlar frå Direktoratet for naturforvaltning for å studere korleis floraen vert påverka av kultivering.

For Kari-Anne har denne sommarsesongen bydd på ein del utfordringar, særleg når det gjeld båttransporten til og frå. Ho jubla tidlegare i år då eit selskap tok på seg å frakte reisande sjøvegen til Skotet-kaia. Det har teke tid å få dette tilbodet på plass, men no er skyssbåten snart i rute. Tidleg på sesongen dreiv Kari-Anne med skyss sjølv. Med sin eigen båt, Buster, henta ho folk på Dyrkornkaia. Men så ville ikkje Buster meir, og ho har måtta improvisere med andre løysingar frå dag til dag. Mellom anna har ho fått god hjelp av båtkarane til Sunnmøre Museum. Per Weddegjerde har hatt nokre turar til Skotet med Sunnmørsåttringen, og Kari-Anne er glad for hjelpa ho har fått av museumskolleger.

Å drive ein slik museumsgard er ingen ni-til-fire jobb, men heller ein livsstil. Kari-Anne er seint i seng og tidleg oppe, og skal sjå til at alle som er på garden finn seg til rette. Ho vedgår at dette er ein type arbeid som høver best for ugifte menneske utan barn. Ein må vere heldig med valet av partnar, viss partnaren skal finne så stor interesse i dette arbeidet at vedkomande vil vere her heile sommaren og hjelpe til med gardsdrifta og passe barn, seier ho. Kari-Anne seier at ho har ein kjærast, og vi får satse på at ho har vore nett så heldig i val av partnar. For det verkar som om ho og gjestane trivest i kvarandre sitt selskap på denne levande museumsgarden.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar