fredag 28. mai 2010

Kurs i sola

Endeleg er sola komen til Sunnmøre. Finst det noko vakrare enn Sunnmøre i mai-sol? Men sola må eg vente med å nyte, for no sit eg saman med web-inspirator Frøydis Høyland SvisdahlSunnmøre Museum og skal ta eit kvantesprang i web 2.0-universet. Frøydis pratar og peikar og demonstrerer Picaza, gadgets, rss-feeds og Google-docs og eg later som eg skjøner.
Eg skjøner i alle fall at det er viktig å henge med, og skjerpe sansane, sjølv om solbrisen som kjem gjennom dei nedtrekte persiennene gjer så godt han kan for å distrahere meg. For dette handlar om å få ut kunnskapen eg og mange andre historikarar og skribentar har sitte i årevis og ruga på, eller berre delt med ein indre krets. No vil vi ut, ut på nettet, ut til verdas kunnskapssøkande menneske, ut til deg.
   Noko av det viktigaste Frøydis har lært meg i dag er korleis eg skal nytte blogg-sida, der eg kan skrive inn tekstane mine direkte på nettet. Frå denne sida kan eg knyte meg til andre som bloggar. Eg kan invitere folk som eg trur kan ha interesse av det eg skriv. Og så er det viktig å gjere bloggen open for alle, seier Frøydis. Og slikt liker ein skribent å høyre. Alle vil vel nå ut med tankane sine! Her lærer eg korleis bloggkanalen kan bli så open og tilgjengeleg som råd.

No har Frøydis gjeve meg litt tid slik at eg kan teste ut mine nyvunne kunnskapar sjølv. Ho skulle ned ei stund å snakke med ein lærar som vil kome til solskinnsmuseet med skulen sin. Får håpe ho vert så lenge borte at eg vert ferdig med denne bloggen. Men eigentleg treng kanskje ikkje bloggen vere lenger enn dette. Det er også ein lærdom frå vår eigen cand.web: Ein treng ikkje skrive lange tekstar for å nå langt ut. Det er jo det dei har teke konsekvensane av i twitter.com der vi vert tvungne til å kome med bodskapen vår innafor ei ramme på 140 ord. Nyttig trening for ein som tidlegare har trengt bokformatet for å kome i mål med bodskapen sin. Bodskapen denne gongen var berre at no har fredagsbloggaren teke eit steg vidare på web-kompetansestigen- og her i det nye bloggformatet er det lett for deg å gje tilbakemeldingar, og følgje med på kva ein museumsmann frå Sykkylven bloggar om. Vi tastast:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar