mandag 29. september 2014

Museumsfolk på studietur til Polen

Polske barn får være med å bygge tradisjonsbåt. (Foto: Ingvill Wille)
I september var dei tilsette ved Stiftinga Sunnmøre Museum på kombinert sosial- og fagtur til Gdansk i Polen. Både Nord-Polen og Sunnmøre er kystområde og det har vore kontakt mellom desse områda i mange hundre år. Etter ein periode med jarnteppe og politisk kløyving er kontakten no gjenoppretta, og på flyet til og frå Polen opplevde dei museumstilsette at det no er rik utveksling av folk og impulsar mellom Gdansk-området og Sunnmøre. Flyruta Ålesund-Gdansk er ei ny form for arbeidsrute som har avløyst dei gamle bussrutene med arbeidsfolk som tidlegare kryssa kommunegrenser.

Ein viktig del av opplegget på turen var vitjing til nokre av dei mange musea i Gdansk, mellom anna dei maritime musea som det var fleire av. Desse musea var av særleg interesse for ei gruppe på Sunnmøre Museum som dei siste par åra har arbeidd med eit formidlingsprosjekt om Flåværleia på Sunnmøre. Museumsformidlar Ingvill Wille har stått sentralt i dette arbeidet, og har vore med å henta inn eksempel på formidlingsopplegg andre stader. Ein institusjon som har drive dette langt i Noreg er fartyvernsenteret i Norheimsund. Og her kjem vi til poenget: Sunnmøringane stod ved ein oselvar-båt på det maritime museet i sentrum av Gdansk ein føremiddag. Dei kjende igjen den norske båttypen og kommenterte at dei kjende til dei som hadde bygd han. I same stunda som dei stod og betrakta båten kom båtfolket frå Norheimsund som hadde bygd oselvaren inn døra! Overraskinga var stor i begge leirar og gleda ikkje mindre. For det viste seg at hordalendingane var komne til Gdansk for å presentere eit heilt nytt formidlingsprosjekt for presse og samarbeidspartnarar. Ingvill fortel at ho hadde høyrt om prosjektet og lenge hadde vore nysgjerrig på korleis det var lagt opp. Der og då fekk dei invitasjon til å vere med på presentasjonen dagen etter. Naturleg nok vart det opprinnelege programmet lagt om, ein leigebil vart tinga og gjengen frå Flåversleia var dagen etter på plass for å sanke ny lærdom. Konklusjonen var; verda er ikkje stor, og båtfolket dei finn kvarandre uansett kvar dei er.

Dei tipsa som dei fekk med seg frå båtvernsenteret i Hardanger vil ganske visst kome til nytte i arbeidet som båtinteresserte museumsfolk frå Sunnmøre i desse dagar arbeider med. På hamna i Ålesund er bygginga av ei stor bankskøyte i gang. Etter planen skal bankskøyta vere ferdig i 2015 og klar til  å møte storhavet året etter. Når slike prosjekt skal førebuast kan det vere nyttig med gode impulsar og kollegiale samtalar, anten desse skjer i Hardanger eller i Gdansk. Det er nyttig å kome ut, Det gjev stimulans i kvardagen og kunnskap ein kan formidle vidare i nærmiljøet.
Petter Helland-Hansen frå Hardanger er ein erfaren båtbyggjar. (Foto: Ingvill Wille)