onsdag 15. august 2012

Eit lysande museum

Fra Dalsfjord fyrmuseum. 
Lysa er i ferd med å bli tende i dei nye lokala til fyrmuseet i Dalsfjorden. Museumsstyrar Frode Pilskog har dei siste månadane skrive utstillingstekstar så blekket har spruta. I løpet av november i år vil museet si nye utstilling bli opna i lokale som er reiste i tilknytning til Dalsfjord skule. Det blir eit heilt nytt tilvere for museet som sidan starten i 1993 har halde til i provisoriske lokale. Kontoret sitt har Frode hatt i ei brakke som i dnesse dagar vert fjerna. På denne staden skal det i staden plasserast ei musikkbinge der dalsfjordungdom skal få utvikle dei musikalske talenta sine.

Det har vore nokre forskyvingar i ferdigstillingsplanane for museet, men den siste framdriftsplanen skal haldast, sjølv om ein ser at det står mykje arbeid att. I desse dagar driv dei og lagar til eit gjenstandsmagasin. I det som skal bli utstilling ligg gjenstandane framleis ut over golvet, men snart står dei der dei skal vere. Då skal dei også få tekstplansjar som fortel fyrhistorie frå dei siste 200 åra.

Fyrmuseet i Dalsfjorden er eitt av fire museum som er med i det nasjonale fyrnettverket. Dette museet skal særleg fokusere på den sosiale historia til fyrvesenet: Korleis hadde arbeidarane det då dei levde på byggeplassane fleire månader kvar sommar, korleis gjekk arbeidet føre seg, kva for utstyr hadde dei å hjelpe seg med, kva tente dei, kva åt dei, kva underheldt dei seg med i den knappe fritida si?

Sjølv om det sosiale skal få hovudmerksemda viser museet også mykje av den tekniske utviklinga som har vore innan fyr- og merkevesenet sitt arbeid. Då museet inviterte til ope hus i Brunebuda første torsdagen i august, fortalte Frode mellom anna om dei oljefyrte fyrlyktene. Til å byrje med var det gjerne gryter med koks som lyste opp i farleia langs kysten. Slik var det ved Runde fyr, det første fyret nord for Stad som vart bygd av staten, i 1825. Det var ein revolusjon då dei tok til å bruke parafinolje frå 1883. Då kunne ein ta i bruk mange små lykter med god lyseffekt. Dei vart passa av lokale tilsynsmenn. Det gjekk båtar mellom fyra med forsyningar av olje. Dette vart driftssikre fyr som var rimelege i drift, fortel Frode. Ryvingen fyr som opprinneleg gjekk på straum, vart etter ei tid lagt om til oljedrift fordi det var rimelegare. Slike oljefyr var i drift heilt fram til 1996.

Det er ikkje unaturleg at det ligg eit fyrmuseum i Dalsfjorden på Sunnmøre. Frå midten av 1800-åra kom dei fleste fyrarbeidarane frå denne regionen. Det var ikkje slik heilt frå starten. Då Runde fyr vart bygd i 1825 var dei fleste murarane og snekkarene frå Oslo. Men sjauarane var frå nærmiljøet. Det var dei som bar koks over ei høgde og fram til byggjeplassen. Arbeidsgjevarane la merke til dei arbeidssomme og nøysomme sunnmøringane og ville etter kvart mest berre ha slik arbeidskraft. No er altså fyrarbeidarane hamna på museum, og dei fortener å minnast for den lysande innsatsen sin!